Sommarjobb for ungdom – Kick-off samling

Ledere som har ungdom i sommerjobb - Klikk for stort bildeLedere som har ungdom i sommerjobb Vidar Karlsen

Måndag ettermiddag arrangerte kommunen kick-off samling for ungdom mellom 16-18 år som har fått sommarjobb i Tingvoll kommune.

Dei fleste av ungdommane har erfaring med å vere brukarar av tenestene til kommunen vår. Kanskje dei har gått i barnehage eller på skule her, hatt kontakt med helsesjukepleiar, besøkt biblioteket, vore innom bruktbutikken til Miljøkompaniet eller vore på besøk hos slektningar på Vonheim eller sjukeheimen.

Gjennom ordninga Sommarjobb for ungdom ønskjer kommunen å gi ungdommane nyttig erfaring og ein god start på arbeidslivet, og å presentere kommunen som ein mogleg framtidig arbeidsgivar.

18 ungdommar skal ha sommarjobb for ungdom i år! Dei skal mellom anna jobbe ved barnehagane, Vonheim, sjukeheimen og Miljøkompaniet. Fleire skal også ha sommarjobb gjennom Ferieklubben. Neste år blir det nye sjansar for andre ungdommar i målgruppa.

Det går fram av Økokommuneplanen at kommunen skal jobbe for like livssjansar, og at alle som kan skal få tilbod om passande arbeid. Sommarjobb for ungdom er eit av tilboda kommunen gir i arbeidet for ei berekraftig utvikling av lokalsamfunnet.

Takk til ungdommane som søker jobb hos oss i Tingvoll kommune – de er framtida vår!