Reviderte vedtekter for næringsfondet Vekst for Tingvoll

Tingvoll kommunestyre vedtok reviderte vedtekter for det kommunale næringsfondet i møte den 9.6.2022. Ei vesentleg endring frå tidlegare vedtekter er at landbruksfondet og næringsfondet er slått saman til eitt næringsfond.

Har du ei nyetablert bedrift i Tingvoll eller ønskjer du å vidareutvikle bedrifta di gjennom investeringar, kompetanseheving eller marknadsføring? Dersom bedrifta di har forretningsadresse i Tingvoll kommune, kan du søkje om støtte frå det kommunale næringsfondet Vekst for Tingvoll.

Du kan også søkje om støtte til vidareutvikling av eksisterande landbruk og til etablering av ny næring på gardsbruk, der dette ikkje kan omsøkjast gjennom andre støtteordningar (som Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL), bedriftsutviklingsmidlar frå Innovasjon Norge eller tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK)).

Det er ei viktig målsetting for Tingvoll kommune å vere ein attraktiv stad for bulyst og verdiskaping. Gjennom næringsfondet ønskjer kommunen å leggje til rette både for nyetableringar og for det eksisterande næringslivet.

Tingvoll kommune samarbeider med Vindel i Kristiansund som er vårt hoppid-kontor. Her kan nyetablerte bedrifter få tilbod om kurs, rådgjeving og møte andre med oppstartsplanar.

Ta gjerne kontakt med Hoppid om rådgjeving før du søkjer om oppstartstilskot.

Ønskjer du å søkje om støtte frå næringsfondet, så finn du meir detaljert informasjon på kommunen si heimeside.

Velkomen som søkjar!

 

For meir informasjon:

Trykk her