625 000 kroner til kommunalt næringsfond i Tingvoll

Møre og Romsdal fylkeskommune har nyleg styrka det kommunale næringsfondet i Tingvoll med kr. 625 000 i 2022!

 Er du ei nyetablert bedrift i Tingvoll eller ønskjer du å vidareutvikle bedrifta di gjennom investeringar, kompetanseheving eller marknadsføring?

Dersom bedrifta di har forretningsadresse i Tingvoll kommune, kan du søkje om støtte frå det kommunale næringsfondet Vekst for Tingvoll.

Det er ei viktig målsetting for Tingvoll kommune å vere ein attraktiv stad for bulyst og verdiskaping. Gjennom næringsfondet ønskjer kommunen å leggje til rette både for nyetableringar og for det eksisterande næringslivet.

Vi er derfor særs glade og takksame for at Møre og Romsdal fylkeskommune nyleg har styrka det kommunale næringsfondet i Tingvoll med kr. 625 000 i 2022!

Tingvoll kommune samarbeider med Kristiansund og Nordmøre Næringsforum (KNN) som er vårt hoppid-kontor. Her kan nyetablerte bedrifter få tilbod om kurs, rådgjeving og møte andre med oppstartsplanar.

Ta gjerne kontakt med hoppid-kontoret om rådgjeving før du søkjer om oppstartstilskot.

Ønskjer du å søkje om støtte frå næringsfondet, så finn du meir detaljert informasjon og søknadsskjema i søkeportalen