Kulturvekkå

Programmet for 2018 er nå sluppet. Programmet kan du finne her.  (PDF, 673 kB)

Kulturvekkå i Tingvoll er ein festival av lokalkultur. Den vart først arrangert i 2001. Denne veka, som gjerne og har vore både 9 og 11 dagar, er først og fremst utstillingsvinduet til kulturlivet i Tingvoll. Målet er å skape identitet, marknadsføre det frivillige kulturlivet og skape liv og røre i heile kommunen.

Arrangementa er det stort sett lag og foreningar i Tingvoll som arrangerer, i tillegg til Tingvoll kommune og nokre bedrifter. Det blir lagt ned ein stor frivillig innsats for å få veka opp og gå, grovt rekna omtrent 2 årsverk, det tilsvarar ca 750 000 i verdiar tilført Tingvollsamfunnet. Tingvoll kommune yter sekretærtenester.