Arne Magnus Aasen (Uavhengig) født 1961 og oppvokst i Førde. Gift med May Iren, har fire barn og fjorten barnebarn. Etter eksamen artium, realfag i 1981, flytta May og Arne Magnus til Lyngdal i Vest Agder. Vart agronom våren 1982. Jobba ved Lyngdal Jordbruksskule i to år, ett år som instruktør i hagebruk og ett år med ansvar for grisehus og sauefjøs. Flytta tilbake til Førde sommaren 1984. Hadde studieplass på Norges Landbrukshøgskule Ås (NLH), i dag UMB. Er oppvokst på gard som nest yngst av fire brør. Lysten til å bli bonde var større enn lysten til å bli byråkrat. Etter å ha vore i markedet på leiting etter gårdsbruk eit års tid, kjøpte vi Skjevling, eit nedlagt bruk på Aspøya og flytta til Tingvoll august 1985. Det meste av dei første 30 åra i Tingvoll har gått med til bygging av fjøs, redskapshus og restaurering/påbygg bolighus, grøfting og dyrking av jord. I dag er det Jan Ingvar med familie som driv garden.
Det som betyr mest for meg er at familien har det bra. Storviltjakt er den store lidenskapen og har samla familien til mange middager der elg, hjort, rein og rådyr har stått på menyen. Viktig å delta i, og utvikle demokratiet vårt. Vart innvalgt i kommunestyret i 2015, var litt usikker i 2019 om eg ville stille til valg, men stilte. Vart valgt til varaordfører 3.oktober 2019. Har samarbeida godt med Ingrid, og når ho er i morspermisjon er det ei glede å overta stafettpinnen.