NATO-øving hausten 2018

Norge er vertsnasjon for ei stor NATO-øving hausten 2018. Øvinga berører fylka Hedmark, Oppland, Trøndelag og Møre og Romsdal, og Tingvoll er ein av kommunane som er berørt. I Tingvoll vil det tidvis være mykje transport langs riksveg 70 frå Aspøya - E 39 Kanestraum. Her finn du litt meir informasjon om øvinga.

 

Trident Juncture

Øvinga har navnet Trident Juncture, og er ein såkalla «High Visibility Excercise». NATO har ambisjonar om å gjennomføre slike øvingar kvart tredje år, og denne øvinga i Norge har vore planlagt i fleire år.

Øvinga skal skje i perioden 25. oktober til 7. november, og er ein av NATO sine største øvingar.

Det kjem styrker frå 30 NATO-land og det vil være aktiviteter til lands, i vatn og i luft, med ca 35.000 soldatar, 130 fly og 60 fartøy.

Mykje transport av personell og materiell vil skje både før og etter øvingsperioden.

Mange partar er berørt av og involvert i øvinga, slik som Direktoratet for sikkerhet og beredskap, Politiet, Fylkesmannen, Mattilsynet, Statens vegvesen m.fl.

Informasjon om trafikk og nærmiljø

Sjå Forsvaret sine informasjonssider om trafikk og korleis øvinga påverkar befolkninga

Hotline skadetelefon

Har du oppdaga øydeleggingar på eigedom eller natur, som følgje av øvinga?

Ta kontakt på telefon 40038526 eller e-post: mbo@mil.no

Meir informasjon

Forsvaret sine sider

Kontaktinformasjon

Servicekontor
Servicekontor
E-post
Telefon 71 53 24 00

Åpningstider

Mandag - fredag:
08.00 - 16.00

Sommertid:
08.00 - 15.00

Telefontid:
09.00 - 16.00 (15.00)