Vi startar prosjektering av Tusenårsstaden

Arbeidet med detaljplanlegging av Tusenårsstaden startar i vår. Arne Hagen er leiar i styringsgruppa.

For å få samanheng i arbeidet med Prestgardshagen og tusenårsstaden, har styringsgruppa vedteke å engasjere Smedsvig landskapsarkitekter til starte arbeide med detaljplanlegging av området mellom kyrkja, prestegarden og menighetshuset. I tillegg vil vi ta med oss området ned til Prestgardskaia, og sjå om vi kan få til eit båtmiljø der nede. Det er planar om både naust og geitbåtar ved kaia. Skissa for oppgradering av tunet er kjent, men det må nærmare planlegging og prosjektering til. Styringsgruppa består av Arne Hagen, leiar, Egil Sandvik og Marit Linberg. Kristin Sørheim er sekretær. Etter kvart som arbeidet kjem i gang vil vi invitere til møte og diskutere ulike forslag som kjem opp. Planen for Prestgardshagen skal vere klar til 1. mai, medan arbeidet med Tusenårsstaden vil strekkje seg utover sommaren/hausten.

Fant du det du lette etter?
   

Kontaktinformasjon

Prosjektleder Kristin Sørheim
Tingvoll næringshage Bioforsk økologisk
6630 Tingvoll
E-post : kristin.sorheim@neasonline.no
Telefon
: 95286060

Søk

Du er her:

Login for redigering Login for redigering