Politikarskole på Tingvollkonferansen - korleis gjekk det?

Kommunestyret 2003-2007 | Fotograf: oab
fotograf oab

Vi gjennomførte eit formannskapsmøte med mange tunge saker og interesserte, engasjerte og muntre deltakarar!

RAPPORT POLITIKARSKOLE Innleiingsvis ein kommentar frå ein av deltakarane: «Jeg vil si at det var en veldig lærerik og spennende og morsom dag som mange flere kunne vært tilhørere til. Salen kunne vært mer engasjert neste gang med kommentarer til aktørenes opptreden og diskusjon om demokrati osv. Det var en dag som gjorde ta man fikk lyst til å engasjere seg lokalpolitisk. Tenk om Tingvollkonferansen på sikt kan bidra til det!» Verkstaden vart gjennomført i Bugges Minde andre dagen av Tingvollkonferansen 2010. Deltakarane fekk servert kaffe og kringle frå Tingvoll Brygge og Fjordhotell, og kunne avslutte med suppe kl 12 i lag med klimaplanverkstaden. Marknadsføring Vart marknadsført som ein del av Tingvollkonferansen og med eige oppslag i lokalavisene og direkte kontakt med aktuelle deltakarar. Program Innleiing om bakgrunnen for verkstaden og litt generelt om lokaldemokratiet si utvikling ved Kristin Utdeling av sakspapir og tilleggsinformasjon. Rollelista var utdelt og formannskapet vart sett. Det vart gjennomført rollebytte undervegs for at fleire skulle få delta. Formannskapet rakk å behandle to saker og starta på den tredje. Det var tilløp til gode diskusjonar der rolleinnehavarane til dels var nokså prinsippielle. Det var tydeleg nyttig å setje seg inn i synspunkta til andre grupperingar enn den folk til vanleg representerer. Politikarane let seg påverke av tilhøyrarar og grupper som fekk ordet. Det vart leita lite etter konstruktive løysingar som kunne samle formannskapet, og verka lettare å utsetje vanskelege saker. Politikarane let seg påverke av media og i særleg grad «radio». Vi fekk også demonstrert dilemma for saksbehandlar og rådmann. Verdt å merke seg var at ingen fann behov for å skaffe seg meir informasjon/kunnskap og ingen ba om «gruppemøte». Det vart utdelt evalueringsskjema, og 3 stk har svara. Konklusjon Nyttig metode og opplegg som gjerne kan utviklast vidare. Låg kostnad og stor effekt. Viktig å finne gode eksempelsaker. Deltakarane må få litt tid til å førebu seg, og det vil vere bra med avbrekk og kommentarar/små foredrag frå utanforståande undervegs. Dette vil gjere folk meir merksame på kva dei faktisk gjer og bidra til større læringseffekt.

Fant du det du lette etter?
   

Kontaktinformasjon

Prosjektleder Kristin Sørheim
Tingvoll næringshage Bioforsk økologisk
6630 Tingvoll
E-post : kristin.sorheim@neasonline.no
Telefon
: 95286060

Søk

Du er her:

Login for redigering Login for redigering