Årsrappport 2009 for Småsamfunnssatsinga er klar

Lise med gammelvogna og hesten | Fotograf: Rose Bergslid
Lise og gammelvogna fotograf Rose Bergslid

Styringsgruppa har godkjent årsmelding og rekneskap for 2009. Framdrifta går etter planen, og det er mange spennande investeringstiltak og aktivitetar på gang. Nedanfor følgjer eit samandrag. Rapporten er tilgjengeleg i næringshagen.

Samandrag

 Det er halde fire møte og behandla 37 saker i styringsgruppa . Dei tre delprosjektgruppene har hatt til saman 10 møte.

 Budsjett og satsingsområde for 2009 er vedteke av styringsgruppa. Målsettingane for prosjektet er i stor grad nådd og aktivitetane gjennomført som planlagt.

 Påløpte kostnader i 2009 er kr 3 720 976, samla inntekter (inkl tilsagn) er kr 4 151 798. Ubrukte midlar i 2009 på kr 443 507 blir overført til seinare år.

 Utanom dette er det ein eigeninnsats i prosjektet på kr 250 000 frå Bioforsk økologisk og kr 200 000 frå Tingvoll kommune.

 I løpet av året 2009 har vi registrert om lag 1800 besøkande/gjester på arrangement i regi av småsamfunnssatsinga, av dette ca 800 på Åkerfallet, ca 400 på Tingvollkonferansen/Tingvoll kyrkje og ca 600 på andre arrangement. I tillegg til dette kjem besøk på Tingvoll gard/Bioforsk økologisk, som skolehage, kjøkkenhagedag osv., til saman ca 1000 besøk/år.

 Det er knytt nye og spennande kontaktar til forskingsmiljø og næringsliv, m.a. når det gjeld satsing på biogass og biologiske renseanlegg.

 Om lag halvparten av dei planlagte investeringane i prosjektet er finansiert og arbeidet er påbegynt. Det står att å skaffe finansiering og sikre driftskonsept for økoparken.

 Sysselsettingseffekten lokalt av prosjektet i 2009 er 4-5 årsverk når ein reknar med lokalt arbeid i investeringsprosjekta. Verdiskapingsrekneskapen viser at det er sikra finansiering til drift og investeringar for 22,5 mill kr så langt i prosjektet.

 Prosjektet har stor verdi for å skape framtidsretta arbeidsplassar og eit meir attraktiv lokalsamfunn med utgangspunkt i Tingvoll sin kulturarv. Satsinga frå KRD og Møre og Romsdal fylke er avgjerande for å lykkast.

  

Om prosjektet

 

Tingvoll kommune fikk i mai 2008 tilslag på søknaden om deltaking i KRD si «småsamfunnssatsing». Småsamfunnssatsinga er eitt av fleire tiltak i Regjeringa si satsing i distriktspolitikken. Det vert gjeve støtte til lokalsamfunn med langvarig folketalsnedgang for å utvikle betre tenester, meir attraktive buplassar og eit meir allsidig næringsliv. Tingvoll kommune sin søknad var «Heilskapleg utvikling med utgangspunkt i miljø og kulturarv».

 

Kommunen har fått tilsagn på til saman 3 mill kr frå Kommunal- og regionaldepartementet og 2,4 mill kr frå Møre og Romsdal fylke. Bioforsk økologisk og Tingvoll næringsforum er dei største øvrige bidragsytarane. Inkludert private midlar og eigeninnsats, har prosjektet ei ramme på 8,8 mill kr over tre år.

 

Fant du det du lette etter?
   

Kontaktinformasjon

Prosjektleder Kristin Sørheim
Tingvoll næringshage Bioforsk økologisk
6630 Tingvoll
E-post : kristin.sorheim@neasonline.no
Telefon
: 95286060

Søk

Du er her:

Login for redigering Login for redigering