Årsmelding 2008

Stemorsblomst | Fotograf: Odd-Arild Bugge
Stemorsblomst fotograf Odd-Arild Bugge

Vi kom seint igang, men her kan du lese litt om kva vi har gjort og kva som er på gang....

SMÅSAMFUNNSSATSINGA - ÅRSMELDING 2008

 

Om prosjektet

 

Tingvoll kommune fikk i mai tilslag på søknaden om deltaking i KRD sin «småsamfunnssatsing».

Småsamfunnssatsinga er eitt av fleire tiltak i Regjeringa si satsing i distriktspolitikken. Det vert gjeve støtte til lokalsamfunn med langvarig folketalsnedgang for å utvikle betre tenester, meir attraktive buplassar og eit meir allsidig næringsliv. Tingvoll kommune sin søknad var «Heilskapleg utvikling med utgangspunkt i miljø og kulturarv».

 

Kommunen har fått tilsagn på 3 mill kr frå Kommunal- og regionaldepartementet og 2,4 mill kr frå Møre og Romsdal fylke. Bioforsk økologisk og Tingvoll næringsforum er dei største øvrige bidragsytarane. Inkludert private midlar og eigeninnsats, har prosjektet ei ramme på 8,8 mill kr over tre år.

 

Satsinga har tre delprosjekt:

Åkerallet: Utvikle eit midt-norsk folkemusikk- og folkedanssenter på Åkerfallet. Åkerfallet er bustaden til dei to mest kjente nordmørske folkemusikarane, Magnhild og Erik Almhjell.

 

Økologisk kunnskaps- og opplevingssenter: Vi skal etablere landets første økologiske kunnskaps- og opplevingssenter på Tingvoll gard og i tilknytning til forskningsmiljøet på Bioforsk økologisk.

 

Tingvollen - eit internasjonalt samarbeid innanfor kultur og skole mellom «tingvollar» rundt Nordsjøen.

 

Organisering:

 Kommunestyret har oppnemnt følgjande styringsgruppe for prosjektet:

Ole Morten Sørvik, ordførar, leiar

Ivar Jonas Nørbech, varaordførar

Jens Petter Olsen, formannskapsmedlem

Peder Hanem Aasprong, leiar kultur- og næringsutvalet

Rådmannen (kst. rådmann Bjørn Sletbakk har møtt)

Leiar for kultur- og næringsavdelinga Odd-Arild Bugge

May Kristin Brekke - Møre og Romsdal fylke

Kjell Bulling, Tingvoll næringsforum

Turid Strøm, direktør Bioforsk økologisk

Marianne Nystad, leiar Tingvoll museum

Gerd Arset, prost Tingvoll kyrkje

 

Hausten 2008 vart det tilsett to prosjektleiarar, med delvis oppstart frå medio oktober, og full oppstart frå nyttår 2009. Prosjektet har kontor i Tingvoll næringshage. Det er inngått avtalar med Bioforsk økologisk, Tingvoll næringsforum og EnerGuide om arbeid i prosjektet.

 

Kommunestyret har vedteke at arbeidet med etablering av eit fullskala bioenergianlegg i Tingvollvågen, eit regionalt kompetansesenter for bio- og solenergi og renovering av Tingvoll kyrkje skal koordinerast av prosjektet.

 

Kvart delprosjekt har si eiga prosjektgruppe og sitt eige budsjett.

 

 Møteverksemd og aktivitetar:

Det er halde oppstartsmøte og to møte i styringsgruppa. Styringsgruppa har behandla 24 saker. Etter som prosjektet ikkje kom igang før hausten 2008, har det meste av arbeidet i 2008 gått ut på å få på plass organisering av delprosjekta, system og rutiner for arkiv, rekneskap, avtaleinngåing osv, i tillegg til å legge ein plan for arbeidet i 2009. Prosjektet vart ikkje tilknytt kommunens IT-løysing før 1.1.2009, men frå da av blir informasjon og dokument offentleg tilgjengeleg på kommunen si heimeside.

 

Budsjett og satsingsområde for 2009 er vedteke av styringsgruppa. Påløpte kostnader i 2008 er ca kr 770 000 (sjå rekneskap). Ubrukte midlar i 2008 blir overført til seinare år, slik at prosjektet kan gå over tre år som føresett i søknaden.

 

Det er halde eit ope møte om etablering av varmesentral i Tingvollvågen, med deltaking og innlegg frå Møre og Romsdal fylke, Allskog, Grønne energikommunar, NEAS og Naturvernforbundet.

 

Prosjektleiarane har delteke på kurs om opplevingsproduksjon i regi av Innovasjon Norge.

 

Ved utgangen av året vert vurdert som bra.

 

Iangsette aktivitetar ved årsskiftet 2008/2009:

 

  • Forprosjekt for regionalt kompetansesenter for sol- og bioenergi, ferdigstillast 1.juni 2009

  • Arbeid med fullskala flisfyringsanlegg i Tingvollvågen - planlagt prøvedrift november 2009

  • Arbeid med godkjenning og finansiering av restaureringsarbeidet i Tingvoll kyrkje

  • Idèdugnader om attraksjonar ved kunnskaps- og opplevingssenteret

  • Arbeid med presentasjonsmateriell

  • Idèdugnader om Åkerfallet

  • Arbeid med bygging av «pilotfjøs» når det gjeld materialval, energiløysingar og arkitektur

  • Arbeid med arrangement av biogasskonferanse i mars/april

  • Arbeid med seminar om berekraftig økonomi/økologi/kultur og helse i Kulturvekkå

  • Arbeid med andre tilbod til elevar - utprøving av attraksjonar

  • Planlegging av studietur

  • Arbeid med Åkerfallkonserten

  • Informasjon på heimesider, på pressekonferanse og på leiarsamling i kommunen

  • Oppretta virtuelt arbeidsrom for dei som jobbar i prosjektet i Kunnskapsnettverket

 

Fant du det du lette etter?
   

Kontaktinformasjon

Prosjektleder Kristin Sørheim
Tingvoll næringshage Bioforsk økologisk
6630 Tingvoll
E-post : kristin.sorheim@neasonline.no
Telefon
: 95286060

Søk

Du er her:

Login for redigering Login for redigering