Ulset er skrivemåten

Statens kartverk har vedtatt at skrivemåten til gardsnummer 110 skal være Ulset

Samtidig er det vedtatt at bruksnavnet til gardsnummer 141, bruksnummer 8 i Aspa skal ha skrivemåten Mekran.

Kartverket skriver følgende:

Vedtak i namnesak 2017/75 i Tingvoll kommune, Ulset og Mekran

I samband med adressering i Tingvoll kommune er det reist namnesak på skrivemåten av eitt gardsnamn og eitt bruksnamn i kommunen. Namna skal etter planen vere del av vegnamn. Det gjeld eigedomen gardsnummer 110 som hadde Aulset og Ulset som offentleg godkjende skrivemåtar, og namnet til gardsnummer 141 bruksnummer 8 som hadde den offentleg godkjende skrivemåten Mekran frå matrikkelen.

Saka har vore på høyring i Tingvoll kommune. Kommunen ønskjer skrivemåtane Ulset og Mekran. Kommunen har og vidaresendt ei underskriftliste med ønske om skrivemåten Ulset.

Stadnamntenesta for Midt-Noreg viser til at opphavet til gardsnamnet truleg kjem av mannsnamnet Ulfarr sett saman med -set. Diftongen au kan oppstå av u framom tjukk l. Sidan har diftongen blitt monoftongert til æ, slik det er i uttalen i dag. Stadnamntenesta konkluderer med å tilrå skrivemåten Ulset i samsvar med den opphavlege forma av namnet.

Stadnamntenesta tilrår skrivemåten Mekran for namnet til gardsnummer 141 bruksnummer 8. Mekran er grunnforma, medan dativforma av namnet er Mekrå. «Der ein framleis kjenner til vekslinga mellom grunnform og dativ, er det grunnforma som er utgangspunkt for skrivemåten», heiter det i brevet frå Stadnamntenesta.

Kartverket gjer slike vedtak:

Skrivemåten av gardsnamnet til eigedomen gardsnummer 110 får vedteke skrivemåten Ulset i samsvar med truleg opphav, tilråding frå Stadnamntenesta og ønske frå Tingvoll kommune og innbyggjarar i kommunen. Same skrivemåte, Ulset, blir vedteken for bruksnamn som er det same som gardsnamnet. Det gjeld for bruksnummer 1, 2, 3 og 4.

Stadnamnlova seier at skrivemåten i primærfunksjonen som hovudregel vil vere rettleiande for skrivemåten av det same namnet i andre funksjonar. Som følge av vedtaket på gardsnamnet blir det gjort vedtak på dei registrerte sekundærnamna Ulsetvågen (våg i sjø), Ulsetelva (elv) og Ulsetsetra (seter).

Skrivemåten av bruksnamnet til eigedomen gardsnummer 141 bruksnummer 8 får vedteke skrivemåten Mekran. Vedtaket er i samsvar med tilrådinga frå Stadnamntenesta for Midt-Noreg og med kommunens ønske.

Vedkommende kommune skal sørge for at vedtaket blir gjort kjent for de partene i kommunen som har klagerett etter § 10 første ledd i loven. Vi vil minne om de reglene stedsnavnloven har om plikt til å bruke vedtatte skrivemåter, jf § 9, spesielt første setning, som har denne ordlyden: Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter denne lova og ført inn i stadnamnregisteret, skal han brukast av eige tiltak av dei som er nemnde i §1 tredje ledd. Det vil si organer for stat, fylkeskommune og kommune samt selskaper som det offentlige eier fullt ut.

 

Publisert av Per Gunnar Løset. Sist endret 27.10.2017 15:04
Fant du det du lette etter?