To kulturpriser utdelt i Tingvoll

18193817_1514659958547194_1629438482202272683_n.jpg - Klikk for stort bilde

 I år ble kulturprisen i Tingvoll delt mellom Torolf Løset og Arnfinn Sallaup. Begrunnelsen fra forslagstillerne kan du lese nedenfor.

 
KANDIDAT TIL KOMMUNEN SIN KULTURPRIS 2017
Tingvoll Mållag vil med dette fremja Torolf Løset som ein sers verdig kandidat til kulturprisen for 2017.
Torolv Løset har vore gardbrukar på Løset på Meisingset, men titulerer seg no kårkall.
Han har gjennom livet vist stor interesse for lokalhistorie, og vore aktivt med i det kulturbevarande og kulturbyggjande arbeidet i Tingvoll.
 
Han har ein stor produksjon av lokalhistoriske artiklar, mest i ”Du mitt Nordmøre” og ”Jul på Nordmøre”, men og i andre magasin og aviser. Han har halde svært mange kåseri om lokalhistorie.
Han har også skrive gardshistoria si.
 
Han har deltatt aktivt i lag og organisasjonar i kommunen. Ein kan nemne at da Tingvoll Bygdemuseum var i oppstartinga, var Løset med på innsamling av ting til museet, og han har seinare vore med i styret for museet. Han har vore formann i bondelaget på Meisingset og i Tingvoll helsesportslag, og vore med i styret for Tingvoll Mållag. Han har delt av sin store lokalkunnskap gjennom gaiding på historisk turar rundt i kommunen.
I mange år har han vore fast bidragsytar til Norsk etnologisk gransking (NEG).
I tillegg har Torolv Løset tatt vare på husmannsplassen «Løsetplassen» med hus og fjøs. Det er truleg den einaste godt bevarte husmannsplassen som er att i Tingvoll. Dette har han gjort i samråd med vernestyresmakter og for eiga rekning.
 
I 2013 gjekk Tingvoll eldreråd, Tingvoll Museum, Tingvoll Sogelag og Tingvoll Mållag saman om å fremja Torolv Løset som kandidat til kulturprisen. Vi veit difor at det er mange som vil setja pris på ei slik tildeling.
Tingvoll Mållag meiner at Løset har gjort og gjer ein stor innsats for kulturen i kommunen vår, og fortener kulturprisen.
 
 
Kandidat til kulturprisen.
 
Om dampmaskina og den industrielle revolusjon er det skrive mykje, og har rettmessig plass i
historie- og lærebøker. Om forbrenningsmotoren som avløyste hestevandringa og
glødehodemotoren som erstatta muskelkrafta og årene i robåten, er det skrive svært lite om.
Med tanke på den store betydning forbrenningsmotoren i alle sine utviklingsforrner har hatt for
utviklinga i jord- og skogbruk og ikkje minst for fiske og fraktefart på sjøen i ei fjordbygd som
Straumsnes, er det mykje historieskriving som ventar på ein forfattar !
 
Takka vere ein mann, kan vi sjå utviklinga «in natura» ved at han har leita fram og restaurert
motorar frå den første tida. Han har greve opp maskinrestar frå djupe myra og gått laus på
rusthaugar som det skulle vere umuleg å få noe maskinelt ut av. Han har ikkje berre restaurert
motorar og klart å starte opp dei mest håplause tilfelle. Han har vore så grundig at han har fått tak i
merke, type, modell og produksjonsår. Ja, i enkelte tilfelle, også når og korleis motoren/traktoren
kom til bygda.
 
Han er sjølvlært, men har klart å orientere seg i tekniske fagskrift/bøker og maskinkatalogar slik at
han har skaffa seg deler som mangla, og var dei ikkje å få tak i, laga han likegodt delene sjølv.
Han har fått med dei forskjellige eigarar, og i mange tilfelle interresante historier knyttta til bruken.
Ein gammal båtmotor vart bruka til kappsaga da eigaren kappa av seg flere fingrar. Han har også
motoren fra den båten som ein ungdommen bruka da han fall overbord og drukna.
 
Samlinga hans omfattar no 200 ulike motorar, traktorar, bilar og maskiner/ reiskapar av ymse slag.
Han har i mange år i samarbeid med slekt og venner og stilt ut samlinga så den har vore tilgjengeleg
for publikum. Dei siste åra på Drage, eigedomen til sonen Sverre, og publikum har strøyma til frå
fjem og nær! Samlimga er kjent langt utover landet, og mange kjem for å få ein prat med mannen
som har så mykje kunnskap om motorar og maskiner.
 
Mannen som har lagt ned så mange årsverk for å få til denne samlinga er Arnfinn Sallaup, busett i
Aspa. Han fortener ei påskjøning for arbeidet han har lagt ned for å ta vare på så mykje
bygdehistorie.
 
Han fyller 75 år 23. mai i år, så det skulle passe bra med kulturprisen for Tingvoll !
Publisert av Vidar Karlsen. Sist endret 03.05.2017 14:11
Fant du det du lette etter?