Rådmannen legg fram forslaget til økonomiplan 2018-2021

DSC_0081.JPG - Klikk for stort bilde

Rådmannen legg  fram forslaget til økonomiplan 2018-2021 for Tingvoll kommune.Tingvoll kommune sitt fundament er:  Økokommunen – betre løysingar  for menneske og miljø.Våre verdiar er: Engasjement, inkludering, kompetanse og respekt.

Tingvoll kommune er i ein relativt stabil økonomisk situasjon. Vi har høgt aktivitetsnivå med aukande fokus på både kvalitet og nyskaping i tenestene våre,  og strategiske miljøsatsingar i lokalsamfunnet.

Nyskaping ser vi innan folkehelse- og kultur, innan velferdsteknologi, regionalt responssenter og helseinnovasjon. Vi finn aukande samarbeid på tvers i oppvekstsektoren, og nyskapande tiltak som miljøteam.  Vi ser aukande brukarretta tverrfagleg samspel i tenestene våre mellom helse- og oppvekst, og ser nye samarbeidsarenaer som frivilligsentral.

Innan lokalsamfunnsutvikling har økokommunen Tingvoll  investert i det nyopna nasjonale opplevingssenteret Tingvoll Økopark, vi har ferdigstilt Rimstadkrysset som opnar for ny bustad- og næringsaktivitet, vi arbeidar med nye reguleringsplanar t.d. på Einset Nord og vi foreslår å setja i gang reguleringsarbeid for ny kryssløysing på E 39 på Einset. Kommunestyret har nyleg vedtatt oppstart av tettstadsprosjekt i Tingvollvågen, og vi inviterer til folkemøter, medskaping og arkitektkonkurranse. Vi foreslår ei miljøsatsing i Koksvikelva. Vi arbeidar for å hindra etablering av nasjonalt deponi for farleg avfall på Raudsand i Nesset kommune. Økokommunen Tingvoll  har i mange år hatt samfunnsutvikling som ein viktig del av vårt arbeid, ein satsar både lokalt, regionalt og nasjonalt. Avsnittet om regional integrasjon og partnarskap synleggjer dette. I økonomiplanen 2018 -2021 foreslår vi å oppretthalda eksisterande partnarskap, men også utvida dette knytt til ny vidaregåande skole med samlokalisering av kommunale tenester.

Tingvoll kommune er i ein relativt stabil økonomisk situasjon, men med noko låge økonomiske reserver i økonomiplanen, følsom for renteutvikling og sårbar for endringar i det nasjonale inntektssystemet. Utvikling i talet på, og samansetninga av,  innbyggjarar vil i høg grad påverka utvikling i kommuneøkonomien, og den demografiske utviklinga i Tingvoll vil måtte påverka kommunen sine prioriteringar – vi vert fleire eldre og færre yngre. Vi foreslår endringar i oppvekstsektoren i økonomiplanperioden. Vi har uvisse knytt til mottak av asylsøkjarar og busetting av flyktningar.

Tingvoll kommune har eit underliggjande driftsnivå som er ca 5-7 millionar for høgt og dette knyter seg til for låge reserver i høve til nasjonale normer, for stor sårbarhet knytt til renteutvikling og for få ikkje-disponerte ressursar til å dreie tenestene meir i høve til veksten i den aldrande befolkningen. Denne underliggjande situasjonen  bør vi endra på permanent basis i økonomiplanperioden ved hjelp av virkemiddel som:

·         Digitalisering og praksisnær innovasjon i tenestene – nytt, nyttig, nyttiggjort

·         Redusere administrasjonskostnadar og iverksetja tenestesamarbeid og regional arbeidsdeling.

·         Gjennomføre strukturendringar i oppvekstsektoren

·         Gjennomføre vedtekne retningsval i helse- og omsorg

·         Vurdera å slutta med ein del tenester

·         Auka kommunen sine inntekter gjennom busetting, eigedomsskatt, brukarbetalingar osv.

Vi legg med dette fram forslag til ein nøktern, men offensiv økonomiplan 2018-2021  for Tingvoll kommune.

Publisert av Vidar Karlsen. Sist endret 07.11.2017 10:39
Fant du det du lette etter?