Vi jobbar i småsamfunnsatsinga!

Bie | Fotograf: Odd-Arild Bugge
Bie fotograf Odd-Arild Bugge

No har vi fått på plass dei fleste som skal arbeide med småsamfunnsatsinga dei første åra.

Gunnlaug Ribe (mobil 982 47 904) og Kristin Sørheim (mobil 952 86 060) er tilsett som prosjektleiarar. Frå Bioforsk økologisk er det fleire som tek del, men først og fremst Ketil Valde (mobil 404 80 432), Anita Land, Kirsty Mckinnon og Reidun Pommeresche. Fleire vil komme til etter kavrt, på sine fagområde. Frå Tingvoll næringsforum er det Anne Reiten Gilbert. Vi har alle kontor i Tingvoll næringshage, i kjellaren på Bioforsk økologisk. Ta gjerne ein tur innom, eller ring om du har idèar eller har lyst til å bidra med noko.

Elles må vi nok leige fagfolk på ulike område, som arkitekthjelp, ingeniørhjelp osv. Vi har engasjert Sweco Norge AS til eit oppdraf om energisentralen, og Ener Guide til forprosjektet for kompetansesenteret for bio- og solenergi. Møre Tre og Brødrene Røsand er inne i arbeidet med nytt fjøs, og arkitektfirmaet Gaia har vore engasjert i forprosjektet. Vi er på jakt etter landskapsarkitekt som kan hjelpe oss med å planlegge området rundt kyrkja og Tingvoll gard, både for tilkomst, parkering og som hage/parkanlegg.

Fant du det du lette etter?