Vatne arkitekter og Expology skal prosjektere økoparken

Nyklipt sau | Fotograf: Rose
Nyklipt sau fotograf Rose

Styringsgruppa har bestemt å gå i forhandlingar med Vatne arkitekter og Expology om utforming av storlåven på Tingvoll gard og attraksjonar i parken.

Arbeidet med å prosjektere ombygging av låven og attraksjonar og opplevingar i økoparken, både ute og inne, har vore ute på anbod. Vatne arkitekter frå Molde vart valt ut. Dei har gjort mange spennande og flotte prosjekt, som  Ergan kystsenter, Romsdalsmuseet, Nesset prestegard, Bjørnsund leirskole, Tøndergård kirkegård m.m.

Storlåven skal byggjast om til å romme møterom, kontor, tingstad, garderobar, spiserom/kjøkken, rom for dyr, leikerom etc. Låven skal og framstå som eit pilotbygg i bruk av miljøvenlege byggemetodar og materialar, og som eit gjenbrukshus og lågenergihus. Vi skal demonstrere bruk av sol- og bioenergi i praksis.

Vatne har knytt til seg firmaet Expology til å prosjektere attraksjonane. Dei har m.a. laga utstillinga for Aker Solutions, Ergan kystsenter, Tindesentret i Åndalsnes, turistportalar langs Atlanterhavsvegen, VilVite Vitensenter i Bergen, Trysil Knut, Klimapark 2469, utstillingar i Brasil og Kina for FN habitat, rollespel for Coca Cola og Folketinget i Danmark!

Vi har stor tru på dette samarbeidet, og at vi i løpet av året kan presentere korleis økoparken skal sjå ut.

Fant du det du lette etter?