Styringsgruppa har hatt møte

Hester på Thingwall | Fotograf: Kristin Sørheim
Hester på Thingwall fotograf Kristin Sørheim

Styringsgruppa har hatt sitt tredje møte i år. Fleire store saker vart diskutert. Arbeidet er i rute når det er att eitt år av prosjektet.

Sak 15/10: Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 16/10: Godkjenning av møtereferat frå siste møte

Sak 17/10: Statusrapport for delprosjekta Forslag til vedtak: Styringsgruppa tek rapporten til orientering. Administrasjon Kristin Sørheim har fått innvilga permisjon i 50 % stilling frå 1.9.2010 til 31.12.2010. Formålet med dette er å ha tilstrekkeleg med lønnsmidlar i 2011 til å avslutte prosjektet. Vidare framdrift no er avhengig av forprosjekta frå Vatne, Expology og Smedsvig, og da er det meir fornuftig å ha større prosjektleiingskapasitet i 2011. Rannveig Eikrem Jensen er engasjert som prosjektmedarbeidar i 50 % stilling frå 1.6.2010 og i eitt år. Aslaug Koksvik er engasjert på timebasis ut året, ref. styremøte 2.7.2010. Ketil Valde er dagleg leiar for sol- og bioenergisentret og koordinator for økoparksatsinga i Bioforsk økologisk. Anne Reiten Gilbert er som tidlegare engasjert for kr 150 000 til ulike oppgåver i prosjektet. Vi meiner dette er hensiktsmessig ut frå dei oppgåvene vi har i haust og det arbeidet som skal sluttførast i 2011. Direktør Turid Strøm har sagt opp stillinga si i Bioforsk økologisk. Ho held fram i stillinga inntil ny direktør er på plass. For Småsamfunnsprosjektet har det vore avgjerande med den innsatsen Bioforsk økologisk ved direktøren har stått for, og det er svært beklageleg at Turid sluttar som direktør no. Delprosjekt Tingvollen Økopark Arbeidet med prosjektering av storlåve og attraksjonar er så vidt starta opp etter sommarferien. Vi har hatt eitt arbeidsmøte med Expology i Oslo 29. 9., og vi planlegg besøk på Langedrag og folkemusikksentret i Sigdal for å sjå på tilrettelegging av liknande type aktivitear som vi arbeider med. Det har vore arrangert internasjonal kjøkkenhagedag i samarbeid med Bioforsk økologisk, med ca 200 besøkande. Vi arbeider med å knyte til oss speidarane og naturvernforbundet, til aktivitetar og møte,og med å tilrettelegge aktivitetar til skoleklassar som skal besøke sol- og bioenergisentret. Campus Tingvoll vil bli evaluert i haust og vi skal ta stilling til om vi greier å gjennomføre eit arrangement i haust. Syklane har vore lånt ut til kommunen og hotellet og Norsøk, og har vore eit lite bidrag i klimakampen! I sommar har NRK laga ein film om skolehagen til Bioforsk økologisk, ein serie som kjem på TV neste år. Det vil bli god marknadsføring, og det er nødvendig å ha eit godt opplegg for å ta imot besøk neste sommar. Vi vel frå no av å omtale Norsøk sine satsingar som ein del av økoparken, da dette er vesentlege element i det som vil bli visnings- og demonstrasjonsanlegg i økoparken: Framdrift på fjøs og biogassanlegg går som planlagt. Vi arbeider med finansiering av eit tillegg til biogassanlegget som skal gjere det mogleg å kjøre forsøk i fullskala og teste ein ny type reaktor. Vi har fått tilslag på ein søknad til SLF om etablering av midt-norsk nettverk innanfor biogass, og ein søknad til forskningsrådet på utgreiing av korleis bioresten verkar på jordsmonnet og kva betydning biogassprosessen kan ha for klimagassutslepp. Delprosjekt Tingvollen Det er no avklart at det blir besøk til Thingwall for Tingvoll kyrkjekor, i samband med dei nordiske dagane. For program, opplegg og deltaking viser vi til eiga sak. I tnovember blir de jubileum for altertavla i Tingvoll kyrkje. Vi bør drøfte korleis vi skal marknadsføre dette som ein del av satsinga på Tingvoll som kyrkje- og tingstad. Vi har hatt omvisning i kyrkja i sommar, og omvisar Guro Koksvik Lund har laga ein rapport over besøk og samtidig gjeve vurderingar av kva som fungerer og ikkje fungerer. 2011 er siste år vi eventuelt kan finansiere guiding frå prosjektet. Vi inviterer prosjektgruppa til å drøfte om - og korleis - vi kan vidareføre denne formidlinga og auke «turist-besøket» til kyrkja. Alternativ som har vore drøfta er å lage audiovisuell presentasjon som kan leigast eller lånast, på fleire språk og lett å bruke. Nye fagseminar – à la grubleseminaret – kan også vere viktige. Elles trur vi at når Prestgardshagen og Tusenårsstaden blir ferdig, vil området bli enda meir attraktivt. Kyrkjefornyingsprosjektet I løpet av hausten blir det lagt inn ny varmeforsyning i kyrkja. I kjellaren på menighetshuset blir det etablert teknisk rom med el-kjel, og det blir lagt fjernvarmeleidning mellom menighetshuset og kyrkja. Dette krev forsterkning av el-forsyninga til området, og dette blir også gjennomført no. Riksantikvaren har godkjent tiltaket, arkeolog frå NIKU skal overvake prosjektet ( kostnad ca kr 80 000 + mva for den arkeologiske overvakinga.) Elles blir det arbeidd med andre restaureringstiltak etter den prioriteringslista som er sett opp. Sakristiet vil bli rydda og restaurert, og arbeidet med golv og krypkjellar blir starta. Det vil bli brukt lokale handverkarar. Rørleggar er samme rammeavtale som brannsikringa, elektroarbeid vil truleg bli skifta til lokal leverandør. Delprosjekt Åkerfallet Sidan sist har det vore dansekurs og påskjønning til lokale norgesmeistrar i folkedans, friluftsgudsteneste med stort oppmøte, kabaret med Mette Bjørbekk og Jonas Storli, konsert med Per Arsund, opning av bruktbutikk og møte i pensjonistlaget. 21. september var 9. klasse ved Straumsnes oppvekstsenter på besøk. 28. og 29. september har musikklina på Atlanten vidaregåande skole besøkt Åkerfallet, og hatt undervisning med Unni Boksasp , Øystein Sandbukt og Rannveig Eikrem Jensen. Helge Husby og Peder Hønsvik frå Nordmøre spelmannslag deltok, og det samme gjorde Kattsmygarlaget og Tor-Erik Jenstad. Elevane overnatta i telt, på låven og i Erikstua. Jorunn Marie Kvernberg har spurt om å få halde konsert her i månadsskiftet november/desember. Vi ser på om vi kan ha konserten på eitt av grendehusa – det er lite aktuelt med Åkerfallet på vinterstid. Alt dette er eit ledd i arbeidet med å etablere Åkerfallet som folkemusikkstad og gjere folkemusikkarven meir kjent på Nordmøre. Det har vore ei omsetning på kr 8700 (unnateke Åkerfallkonserten) og ca 900 besøkande i sommar. Vi arbeider med jubileumskonserten 2011, som skal bli eit folkemusikalsk teater, med potensiale til å bli ein del av den kulturelle skolesekken. Hovudrollene er avklara, og vi arbeider med finansiering gjennom søknader til fylket, kulturrådet, fri scenetekst m.fl. Kulturrådet har avslått, fylkeskommunen har løyvd kr 50 000 i støtte gjennom Møre-musikarordninga. For å finne ei varig ordning for det faglege innhaldet og tilbodet i Åkerfall-prosjektet, vil vi søke om midlar gjennom VfT til kommunalt tiltaksarbeid . Prosjektet går ut på å etablere ein ny kulturskole i Tingvoll, med tema folkemusikk, folkedans og husflid/handverk, og som eit offentleg-privat samarbeid mellom ressurspersonar og frivillige lag og organisasjonar i kommunen. Når det gjeld forvaltning av eigedommen og framtidig kommunalt engasjement, viser vi til eiga sak. For inneverande år – fram til 1.7. 2011, har vi avtale med forpaktarar, og kommunen må som minimum påta seg brøyting opp til parkeringsplassen. Frå vår side føreset vi at dette er og blir innarbeidd i det kommunale budsjettet. Kompetansesenter sol- og bioenergi Ketil Valde vil orientere om arbeidet. Det blir offisiell opning av sentret 12. november, sjå vedlagt invitasjon.

Sak 18/10 Økonomirapport 2/2010 Forslag til vedtak: Styringruppa tek rapporten til orientering. Saksutgreiing: Nedanfor er sett opp bokførte utgifter pr 30.09.2010. Overførte midlar frå 2010 på kr 443 000 er ikkje rekna inn. For å betre likviditeten for prosjektet og kommunen, vil vi tilrå at det blir søkt om delutbetaling av tilskott frå fylkeskommunen/KRD. Framdrifta i prosjektet er i samsvar med oppsett plan, så det bør vere ei grei sak. Prognose for årsrekneskapen: Lønnsbudsjettet ser ut til å halde. Vi dekkjer kostnadene til Expology og Vatne, Liv Birkeland og Aslaug Koksvik innanfor budsjettet når vi omdisponerer midlar frå studietur/nettverk til konsulenttenester og disponerer overskottet frå 2009. Det er usikkert når vi får rekningane frå Smedsvig Landskapsarkitekter. Pga forsinka leveranse tek vi sikte på at dette kan dekkjast i 2011 (beløpet er ca kr 150 000). Så langt ser det ut til at vi ikkje treng å omdisponere ubrukte midlar frå Bioforsk økologisk inneverande år.

Tiltak Rekneskap pr 20.9.2010 Periodisert budjsett Årsbudsjett

Lønn 572 632 577 500 770 000

Husleige 42 803 45 000 60 000

Prosjektgrupper 8 585 30 000 40 000

Kontorkostnader 38 058 30 000 40 000

Konsulenttenester 493 683 427 000 570 000

Studieturar/nettverk 184 684 315 000 420 000

Tingvoll NF 112 500 112 500 150 000

Bioforsk Økologisk 525 000 525 000 700 000

Strøm, forsikring, veg 61 910

Utstyr 179 460

Ekstra tilskott/sponsing - 185 340

Sum 2 025 389 2 063 000 2 750 000

Eigeninnsats BfØ 125 000 125 000 250 000

Eigeninnsats TK 30 000 100 000 200 000

Sum 2 180 389 2 288 000 3 200 000

Sak 19/10: Investeringsstrategi og drift av økoparken, herunder organisering og selskapsform Forslag til vedtak: Saksutgreiing: Vi har laga eit notat som grunnlag for ei drøfting i styringsgruppa rundt desse sentrale problemstillingane: Finansieringsbehov Foreløpig arbeider vi ut frå ei økonomisk ramme på 20 mill kr for ombygging av låven og 10 mill kr for attraksjonar og uteområde. Verdien av låve og uteområde er utanom, og er Norsøk sitt bidrag. Utbygginga kan gjennomførast gradvis dersom vi ikkje oppnår fullfinansiering av prosjektet med ein gong. Når det gjeld attraksjonane, bør vi sette av pengar til fornying og utbygging av desse over fleire år. Konklusjon finansieringsbehov: Før oppstart må vi ha sikra 20 mill kr til bygg og 3-5 mill kr til attraksjonar og uteområde. Dette skal dekkje både prosjektering, entreprise alle fag, bygging og inventar. Eventuell barnehageutbygging kjem i tillegg. Finansieringskjelder Vi har heile tida arbeidd etter ein modell som er brukt på kulturbygg og andre viktige bygg i fylket, eit spleiselag mellom stat, fylkeskommune, kommune og private. Det er mogleg å få noko støtte frå ENOVA til rehabilitering og ombygging for å redusere energibruket i gamle hus (passivhusstandard eller lågenergistandar). Føresett 30 mill kr til utbygginga, kan vi sette opp ulike alternativ, sjå nedanfor. Vi har også sett opp eit minimumsalternativ med 25 mill kr. Full utbygging utan lån Full utbygging Lån Minimumsalt Staten 6 5 5 Fylket 6 5 5 Tingvoll kommune 6 5 5 Statstilskott barnehage Private 5,5 5,5 4 Enova 0,5 0,5 0,5 Lån 3 Sum 24 24 20 Mva 6 6 5 Sum brutto 30 30 25 Konklusjon finansieringskjelder: Med eit spleiselag som skissert, og som har vore vanleg ved tilsvarande satsingar i fylket og landet, er det fullt realistisk å sikre finansiering både til minimumsalternativet og full utbygging, med eller utan barnehage. Det er heilt avgjerande at fylkeskommunen og staten blir med. Organisasjonsform Vi har gjort tilsvarande vurderingar i samband med etablering av sol- og bioenergisentret: «I diskusjon om organisering av senteret er det flere selskapsformer som kan være aktuelle. De som fremstår som aktuelle er aksjeselskap, stiftelse, kommunalt foretak (KF/IKS) eller del av annet selskap. Hvem en ønsker å ha med som eiere, vil være viktig i forhold til valg av selskapsform. Om en ønsker kun en offentlig eier, kan kommunalt foretak være aktuelt. Om en ønsker flere offentlige eiere kan Interkommunalt selskap (IKS) være et alternativ. Dersom en vil ha med private eiere/ bidragsytere, vil aksjeselskap eller stiftelse være mest aktuelt. Aksjeselskap reguleres etter aksjeloven. Endring av vedtekter krever minst 2/3 flertall. Om en ønsker aktive eiere vil det sannsynligvis være best med en viss bredde i eierskapet og dermed passer aksjeselskap best. Aktive eiere kan være en god støtte for administrasjonen, i forhold til korrigeringer underveis og bygging av nettverk m.m. Det er selvsagt en forutsetning at det finnes aktører som ønsker å gå inn som eiere. En stiftelse har stiftere, men ingen eiere - stiftelsen ”eier seg selv”, og styret er normalt høyeste organ i en stiftelse. En stiftelse reguleres etter stiftelsesloven, må følge regnskapsloven og dessuten ha registrert revisor. Omdanning – dvs. endring av vedtektene, må godkjennes av stiftelsestilsynet. I en stiftelse kan en oppnå det samme som i et aksjeselskap ved å hente inn den rette kompetanse og bredde i styret. Del av annet selskap er nevnt som en mulig organisering. Det vil kunne gi noen besparelser i forhold til kostnader med selskapsdrift; regnskap, revisor, styre etc. i forhold til andre organiseringer. En kan også se for seg mulige besparelser ved kapasitetsutnyttelse av personell, administrative rutiner m.m., men dette kan også avtales i foretningsmessige avtaler mellom selskaper. Kostnadene ved selskapsdrift bør kunne gjøres relativt rimelig også ved andre organisasjonsformer. Organisering som del av annet selskap kan tenkes å medføre utfordringer i forhold til å holde fokus på senterets oppgaver. Et kommunalt foretak er fritatt fra skatt, mens interkommunale selskap og aksjeselskap er egne skatteobjekt. Selskap med visse formål kan likevel fritas for skatt. Ut fra senterets formål vil skatt neppe bli noe stort tema. I forhold til merverdiavgift skal valg av selskapsform ikke ha betydning. Valg av organisasjonsform vil først og fremst være avhengig av ønskene til de aktørene en venter/ønsker bidrag fra. Formålet med senteret er primært ikke kommersielt, men å formidle kunnskap og øke kunnskap hos målgruppene. Målgruppene er i hovedsak skoleelever og allmennheten. Det er ikke ønskelig at kommersielle eiere skal ha mulighet til å endre formålet med senteret. Senteret vil kunne være eiere av lokalene og arealene , eller eiendommen kan være eid av andre og leid ut til et driftsselskap. Det bør legges til grunn at eventuelle overskudd fra driften brukes til å videreutvikle det faglige innholdet i senteret, eventulet vedlikeholde og bygge ut eiendommen . Det kan også være lettere å få tilskudd til en stiftelse både fra private selskap og det offentlige når det ikke er eiere som kan ta ut utbytte. Driftskostnader for en stiftelse vil vanligvis være lavere enn for et aksjeselskap. Stiftelse ser ut til å være en stadig mer vanlig måte å organisere denne typer selskaper på, både i inn- og utland. Møre og Romsdal fylke har valgt stiftelse som selskapsform i etableringer med lignende formål (for eksempel Verdsarvsenter for Vestnorsk fjordlandskap).» Nedanfor har vi sett opp ulike alternativ skjematisk: Selskapsform Selskapsdanning Økonomiske fordelar Tilsettingsforhold AS - eigedom Nytt eigedomsselskap Lettare å få inn kapital ? - spre risiko, auka risiko for Norsøk (eigedommen ut av Norsøks hender i verste fall) Liten ressurs til administrasjon. Rekneskapsfører, revisor AS-drift Nytt driftsselskap Sikre eigedommen og overføre risikoen til driftsselskapet, rasjonell drift Alle blir tilsett i AS-drift AS-eigedom og drift Felles nytt selskap Mindre administrasjons-kostnader med eitt selskap Alle blir tilsett i selskapet, administrasjon blir lagt til DL innleige og småstillingar Stifting - eigedom NORSØK (eller ny stifting) Nyttar ekisterande selskap, sparer kostnader Som AS AS-drift Nytt driftsselskap som tek hand om all drift- inkl sol- og bio Reduserer risikoen for stiftinga, rasjonell drift Alle blir tilsett i AS-drift, ein god del småstillingar og innleige Stifting – eigedom og drift NORSØK (eller ny stifting, lite aktuelt) Sparte kostnader til etablering, administrasjon og drift, vanskelegare å få inn kapital ?, auka risiko for Norsøk Alle blir tilsett i stiftinga, administrasjon blir lagt til DL -innleige og småstillingar -adm av heile Norsøk går inn her Stifting eiendom NORSØK (eller ny stifting) Nyttar ekisterande selskap, sparer kostnader Som i dag, leiger administrasjon (av Bioforsk eller andre) Ulike driftsselskap (AS, enkeltmannsforetak + +) Ulike leigetakarar, økoparken bør ha eit eige driftsselskap Samla sett auka administrasjons-kostnader, men sprer risiko Må i det minste ha 1 tilsett i eit driftsselskap som har ansvar for å koordinere verksemda AS-eigedom Nytt selskap Som stiftelse, lettere å få inn kapital ?, økt risiko for Norsøk (eiendommen ut av Norsøks hender i verste fall) Som stiftelse Ulike driftsselskap (AS, enkeltmannsforetak + +) Ulike leigetakarar, økoparken bør ha eit eige driftsselskap Samla sett økte administrasjonskostnader, men sprer risiko Som stiftelse Følgande bør vektleggast i val av organisasjonsform: Enkelt Spreie økonomisk risiko Appellere til investorar Spare administrasjonskostnader Trygge og ryddige tilsettingsforhold Fleksibilitet Omdømme og merkevarebygging Sikring av formålet Konklusjon organisasjonsform: Ut frå dette framstår to modellar som meir interessante enn andre: 1.Det blir etablert eit nytt eigedomsselskap for storlåven, uteområdet og attraksjonane, etter AS-modellen. Drifta av økoparken og sol- og bioenergisentret og utleige til andre aktørar blir organisert i stiftinga Norsøk. 2.Heile økoparken og sol- og bioenergisentret blir organisert i stiftinga Norsøk Om ein vel 1 eller 2 avheng først og fremst av kva investorane ønskjer eller stiller som krav. Tingvoll næringsforum har uttala at dei ønskjer at innskoten kapital i småsamfunnsprosjektet blir sett på som forprosjektarbeid for økoparken og blir konvertert til AS- kapital når sentret blir etablert. Andre deltakarar i prosjektet må i så fall behandlast på samme måte om dei ønskjer det. Driftsorganisasjon og driftsbudsjett Uavhengig av organisering i eitt eller to selskap, har vi gjort vurderingar av behov for tilsette – årsverk og kompetanse. Det er teke utgangspunkt i forprosjektet for sol- og bioenergisentret og arbeidsgrupperapportane for økoparken. Nedanfor oversikt over årsverk og kostnad:, ved oppstart og etter 1-3 år:  For å få drifta i balanse, er vi avhengige av å sleppe kapitalkostnader. Med besøk mellom 5 000 og 10 000 er det mogleg å få drifta til å gå i balanse, med 10 000 til 20 000 besøkande vil det vere brukbar økonomi i drifta. Det er godt mogleg å bygge opp drifta gradvis og med trygg økonomi. Med auka inntekter frå kurs, utleige av lokale, salg av opplevingar og salg av artiklar/varer samt noko sponsorinntekter, er det mogleg å få god økonomi i drifta og sikre bemanninga.

Sak 20/10: Delprosjekt Åkerfallet – retning på satsinga Forslag til vedtak: Saksutgreiing: Det er no eitt år igjen av Småsamfunnsprosjektet, og vi finn det rett å legge fram ei sak for politisk behandling i kommunen slik at vi får avgjort kva retning arbeidet skal ta. Viss det skal leggjast meir resuursar i utviklingsarbeidet, må det vere ut frå ei trygg forankring i både den administrative og politiske leiinga i kommunen. Saksframlegget er disponert slik at vi gjer greie for - fagleg grunnlag for drift av Åkerfallet - ulike alternativ for drift og vedlikehald av eigedommen - økonomi Prosjektet har hatt fokus på tre område: Vedlikehalde eigedommen Samle og formidle kunnskap om Magnhild (og Erik) Åkerfallet som arena for kulturarrangement Det er lagt ned eit omfattande dugnadsarbeid, m.a. av Meisingset bygdekvinnelag , Meisingset bygdelag og enkeltpersonar. Det er innlagt nytt vatn, breiband, rusta opp vegen og måla husa. Låven er rydda og ominnreidd til utstillingslokale, møtelokale og konsertarena. Rannveig Eikrem Jensen har stått for det faglege og praktiske arbeidet med utstilling, presentasjonar og skoleopplegg. Omsetning og besøk: 2009: ca 760 besøk, inkl. Åkerfallkonserten, omsetning kr 6500 (ex Åkerfallkonserten som gjekk med eit overskott på kr 60 000) 2010 : ca 900 besøkande, inkl. Åkerfallkonserten, omsetning kr 8700 (ex Åkerfallkonserten som hadde eit resultat på ca kr 10 000.) Fagleg driftsgrunnlag for Åkerfallet Åkerfallet sin nisje er folkesangen, dernest folkemusikken på Nordmøre. Åkerfallet har sidan starten av prosjektet utvikla seg til ein meir mangfaldig stad og som ein stad betre tilrettelagt for besøk. Sommaren 2010 har det vore heldt seks opne arrangement på garden: Opning av utstilling og konsert med Unni Boksasp Ensemble 170 besøkande Åkerfallkonserten 400 besøkande Polskurs med Kattsmygarlaget 20 besøkande Alt er så nær meg – en kabaret 40 besøkande Friluftsgudsteneste 50 besøkande Konsert med Per Aarsund 30 besøkande I tillegg har garden og utstillinga vore open kvar søndag frå 12-17 I tillegg er det hausten 2010 gjennomført tre opplegg for spesielle grupper: 3.Møte i Pensjonistlaget i Tingvoll 4.Eit skuleopplegg for 9. klassen i Straumsnes 5.Eit todagarskurs i folkemusikk for klasse 2MU ved musikklina på Atlanten VGS. Totalt sett er besøkstalet for sommaren 2010 på kring 900 personar. Alle desse utprøvde arrangementa har hatt god respons. Serleg skuleopplegga har vore godt tatt imot av elevar og lærarar og blir etterlyst som eit fast tilbod. Når det gjeld folkemusikken i Noreg har det lenge vore den tradisjonen som nasjonalromantikarane og nasjonsbyggarane på 1800-talet som såg på som mest ”ekte” og mest ”orginal” som har vore framheva og dyrka heilt opp til vår tid. Det gjeld geografisk eit område med kjerne i Telemark, Agder, Buskerud, Oppland. Dernest har slåttetradisjonen, hardingfela og kanskje langeleiken av same grunnar vore rekna som det fremste. Folkesongen og kystradisjonen som er to dei fremste karakteristikkane av folkemusikken på Nordmøre er dermed begge to område som tradisjonelt har vore lite framme i dagen. Desse var rekna som mindre ”ekte” av musikksamlarar og forskarar på 1800-talet fordi den hadde andre påvirkningskjelder. Trykte tekster i songane og større innanlands og utanlands påvirkning i kystnære strøk der handelsaktiviteten var stor. Dei seinaste 20 åra har folkesongen fått ein langt høgare status. Og også kystmiljøet har teke opp kampen med ”den norske fjellbonden” som lenge har vore bevisst eller ubevisst sett på som det ”urnorske”. Tingvoll og Nordmøre har vore så heldige at vi har nokre artistar som har løfta denne tradisjonen opp og ut av distriktet og hevda den i folkemusikkmiljøet. Mykje grunnlag er lagt av artistar som Henning Sommerro, Dordi Bergheim, Ola Brein og Hørkelgaddan. No i det siste har Unni Boksasp og Kattsmygarlaget gjort det serleg godt i nasjonal samanheng. Eit godt springbrett å satse på for kommunen også. I tillegg til arrangement av den typen vi har prøvd ut, kan det vere ei moglegheit for kommunen å bygge ei nisje på folkemusikk. Det vere seg å knyte til seg folkemusikkompetente lærarar som igjen kan bygge eit kompetansemiljø kring Tingvoll. Dei vil i neste rekke kunne utvikle prosjekt og kurs kring folkemusikk som kan seljast inn ovanfor andre kommunar og kulturskular på Nordmøre og i Møre og Romsdal. Det vere seg gjennom den kulturelle skulesekken, skulane eller kulturskulane. Åkerfallet er neppe liv laga isolert frå fylkeskommunal satsning og spesielt ikkje isolert frå kommunal satsning. For Tingvoll sin del vil drift av Åkerfallet vere sterkt knytta saman til drift og kompetansebygging i kulturskulen. Dernest kan det byggast ein marknad for folkemusikkurs til folkehøgskular, musikklineklassar og til frivillige. Åkerfallet vil kunne drivast like mykje som eit formidlingssenter utad som ein fysisk stad for konsertar og arrangement. Ei slik nisje vil vere god reklame for Tingvoll ettersom kulturliv alltid trekker til seg mykje merksemd. Det vil også gjere Tingvoll meir attraktivt som bustad. Om ein tenker seg at ei slik nisje lokalt vil vere med på å utvikle musikalske talent, vil nordmørstradisjonen og stå sterkare nasjonalt sett. Ulike alternativ for drift av eigedommen Konklusjonen sist vi behandla saka var å satse på forpaktar/vertskap og stille vilkår om å nytte deler av eigedommen til arrangement og utstillingar. Det kan vere ei utfordring å få stabilt vertskap, men denne modellen kan fungere godt med forpaktarar som trivst på staden og med enkle bu-fasilitetar. Over tid vil det bli behov for større påkostingar på husa, særleg Erikstua.Det er også mykje inventar og reiskap som etter kvart vil trenge vedlikehald og fornying. Den største utfordringa har vore bruken av vegen, med kostnader knytt til brøyting og litt sommarvedlikehald, i tillegg til at naboane ikkje ønskjer trafikk gjennom tunet sitt. Det skal gjennomførast møte om bruken av vegen, eventuelt omlegging av vegen.. Det er krav til buplikt og driveplikt på eigedommen. Driveplikta er oppfylt ved at deler av dyrkajorda er driven av nabo. Det er eit potensiale for næringsutvikling knytt til eigedommen, og det er eit potensiale knytt til Åkerfallet som kulturinstitusjon, men dette vil avhenge av rette personar og kommunens ønske og at eigedommen ikkje blir oppdelt. Det er mogleg å søke om stalege midlar til sikring av Åkerfallet som friluftsområde, og det er mogleg å søke om midlar til utbygging/utbetring av Åkerfallet som lokalt kulturbygg, men slike søknader må i så fall prioriterast av kommunen. Før vi brukar meir ressursar frå prosjektet på eigedommen, må kommunen ta stilling kva ein vil med staden. Alternativa når det gjeld eigarskap er : Forpakting/vertskap – jfr noverande avtale Salg av heile eigedommen til - privatpersonar – med eller utan vilkår knytt til kulturaktivitetar/arrangement - stifting – med eller utan vilkår - frivillige organisasjonar Kommunen må ta stilling til bu- og driveplikta ved desse alternativa og i kva grad det kan gjevast løyve til utbygging. Salg av deler av eigedommen – utmark og innmark, behalde husa til den bruken vi har i dag - avklaring av vegbruk nødvendig - kommunen sit igjen med kostnader knytt til vedlikehald av husa, og ansvar for tilsyn Økonomi Kommunen kjøpte eigedommen for 1,4 mill kr, årleg kapitalkostnad ca kr 70 000. Vegvedlikehald veg– sommar og vinter – ca kr 80 000 Breiband – årleg tilknytningsavgift ca kr 20 000 Vedlikehald eigedom (store påkostnader unnateke) ca kr 25 000 Straum ca kr 10 000. Forsikring ca kr 5 000 Forpaktaravgift og arealtilskott , inntekt ca kr 20 000 Sum årlege utgifter ca kr 120 000 + kapitalkostnader. Konklusjon: Frå administrasjonen meiner vi Åkerfallet er ein unik og verdifull ressurs som kulturinstitusjon i kommunen. Det er ein av få stader i Tingvoll med eit potensiale ut over det lokale og regionale når det gjeld kulturtilbod og kulturarrangement. Dersom eigedommen blir seld, bør ein kreve bu- og driveplikt og ta unna at nokre av husa kan nyttast til arrangement, kurs, utstillingar, overnatting. I så fall bør det vere klargjort at det kan byggast nytt bustadhus på eigedommen. Dette vil truleg vere den beste og rimelegaste løysinga for kommunen. Arbeidet med kulturskoleaktivitetar og kulturarrangement knytt til Åkerfallet bør halde fram. Det kan både gje arbeidsplassar og er verdifullt for bulyst, trivsel og er med og støttar opp under Tingvoll si historie innan folkemusikk. Slik vi no ser det, vil dette kunne utviklast gjennom den nye kulturskolen, men det kan og finnast andre driftsmodellar. Når det gjeld vegbruk og tilkomst, vil vi komme tilbake med ei vurdering av det etter møte med nabobruket.

Sak 21/10: Delprosjekt Tingvollen – Tingvollkonferansen 2011 og besøk til Thingwall Forslag til vedtak: Styringsgruppa sluttar seg til forslaget for Tingvollkonferansen 2011 når det gjeld tema, tidspunkt og organisering. Styringsgruppa løyver kr 50 000. til besøk i Thingwall i samband med Nordiske dagar 2010. Saksutgreiing: Vi viser til tidlegare evaluering av Tingvollkonferansen, der vår konklusjon er at den bør vidareførast med gjennomgpande tema demokrati, og ta for seg ulike sektorar som demokrati og helse, demokrati og kultur, demokrati og miljø osv. For at konferansen kan utvikle seg og halde fram etter prosjektperioden, må vi no finne ei organisering og sikre ein økonomi som er uavhengig av Småsamfunnsprosjektet. 2011 er det siste året vi kan nytte ressursar frå Småsamfunnsprosjektet inn i konferansen. Vi meiner at Tingvollkonferansen er viktig for hovudformålet med delprosjektet Tingvollen, og at den er viktig både for eigne innbyggjarar og for omlandet. Forslaget frå oss er å etablere eit fast styre for å sikre kontinuitet og engasjement, at Småsamfunnsprosjektet også i 2011 kan stå for det praktiske med arrangementet. Tema i 2011 foreslår vi til å bli Demokrati og helse, og vi har tenkt på foredragshaldarar som Mads Gilbert t.d. Vi ønskjer også å få foredragshaldarar frå andre tingvollar, og vil kanskje prøve Siv Fridleivsdottir frå Island igjen. Vi må bli mykje betre på marknadsføring og gjennom det sikre større deltaking, fleire sponsorar og sunn økonomi i drifta. Prosjektgruppe Tingvollen vil ha møte 1. oktober, og vi legg fram konklusjon/rapport frå prosjektgruppa på møtet. Det er no avklara at ein gruppe frå kyrkjekoret vil delta på Nordiske dagar i Thingwall i slutten av november. Vi arbeider med program og reiseopplegg, og reknar med å ha dette klart til møtet i styringsgruppa. Det er ønskeleg at ordførar eller rådmann deltek på turen, i tillegg til representant frå TBU, slik at vi som minimum opprettheld dei kontaktane vi alt har. I tilfelle ordførar/rådmann blir med, vil vi prøve å få til eit møte med kommuneleiinga i Thingwall også. Prosjektet kan gje eit tilskott på kr 50 000 til besøket for å støtte kulturutveksling og opparbeide nettverk. Resten blir eigendel for deltakarane.

Sak 22/10: Forankring og informasjon Forslag til vedtak: Saksutgreiing: Vi ber styringsgruppa drøfte om prosjektet har god nok forankring hos prosjekteigarane, og viss ikkje, kva som kan gjerast i siste fase av prosjektet for å styrke forankringa. Forankring og informasjon må ha som formål at gjennomføringa skal gå betre og at prosjektet skal generere den aktiviteten vi har planlagt og at vi skal nå dei måla vi har sett.

Fant du det du lette etter?