Omvisning i Tingvoll kyrkje sommaren 2010

I sommar har vi omvisning i Tingvoll kyrkje og Stjernehagen på Norsøk. I stabburet i pretegarden finn du vår guide Guro Koksvik Lund kvar torsdag kl 16-18 og kvar laurdag kl 12-14. Du kan få kaffe eller te og sjå på gamle bilete og nye brosjyrar før eller etter omvisninga. Grupper kan bestille guiding utanom dei faste tidene.

Får du besøk i sommar og har lyst til å vise fram Tingvoll kyrkje og kanskje oppleve ein konsert ? Skal du aktivisere eigne barn, tantebarn eller barnebarn? Er du interessert i økologisk hagebruk? I sommar er det fleire fgaste aktivitetar å velge mellom i perioden 19. juni til 29. august.

 Tingvoll kyrkjeoer åpen mån - fre  kl. 9 - 14.30.

Fast omvisning med guide kvar torsdag frå kl.16 - 18 og kvar laurdag frå kl 12 - 14.

Kvar laurdag kl 17 er det sommarkonsert i kyrkja.

Stjernehagen er ein økologisk besøkshage ved Tingvoll Gard og her blir det faste omvisningar kvarr torsdag kl 15 -16 og kvar laurdag  kl 14 -15. Hagen er elles open for publikum heile sommarhalvåret og er tilrettelagt med skilt og ein eigen vegleiar så du kan gå finne fram sjølv.

Fant du det du lette etter?