Økokommunen Tingvoll

Kristin Sørheim | Fotograf: oab
Kristin Sørheim 2005 fotograf oab
Ord eller handling ?
Tingvoll erklærte seg som økokommune i 1990. Vi er ein spreidtbygd og liten distriktskommune utan store hjørnesteinsbedrifter. Jord- og skogbruk står sterkt, det samme gjer mindre bedrifter innan bygg- og anleggsbransjen og i særleg grad offentleg tenesteyting. Vi har landets fremste kompetansemiljø i økologisk landbruk (Bioforsk økologisk). Vi har gjennomført våre tiltak gjennom reine kommunale prioriteringar, med unntak av støtte frå ENOVA til utbygging av fjernvarmenettet .

Kva har vi gjort ?


- Vassboren varme i alle kommunale nybygg sidan 1985 + ein del eldre bygg (Tingvoll kyrkje frå 1100-talet og Tingvoll asylmottak)
- Forsøk på etablering av fjernvarmeanlegg i Tingvollvågen 1998 –d.d.
- Utbygging av fjernvarmenett i Tingvollvågen
- Sjøvassvarmepumpe i kommunale bygg –omsorgsbustader og hotell/kulturhus
- Vedteken reguleringsplan for sentrum, med krav om tilknytning til fjernvarmeanlegg
- Kjeldesortering og heimekompostering av matavfall sidan 1990.
- Økologisk skolehage og skolekjøkkenprosjekt
- Energiovervakings og –styringssystem i kommunale bygg 2003-2007, reduksjon i straumforbruk
- Lysplan - lysdesign og energisparing, retningsliner for offentleg og privat lys i heile kommunen, ”intelligent belysning” , del av reguleringsbestemmelsane i
sentrum.
- Næringsutvikling: mikro- og småkraftverk, Miljøfyrtårnsertifisering av kommunale barnehagar,vidaregpande skole, private bedrifter, gasstasjon for bilar
- Etablert Miljøkompaniet – gjenbruksbu, miljøstasjonar, produksjon av kompostbingar osv.
- Bygd miljøgate i sentrum
- Samla lokale matprodusentar og handverkarar i ”Ting fra Tunet”
- Etablert landbruksfond, ekstra støtte til økoprodusentar (1360 daa og 10 gardsbruk omlagt/under omlegging)
- Vedtak om å bruke 5 % av reisebudsjettet til miljøtiltak i Bunda, Tanzania
- Politikarskole i miljølære og demokrati for 4 kommunestyre
- Kartlagt biologisk mangfald

Kva er på gang ?


- Utbygging av Straumsnes skole – nye energikrav i PBL lagt til grunn som minimum + biobrenselanlegg for skolen og forsamlingshuset
- Renovering av Tingvoll kyrkje – ny energisentral basert på biobrensel
- ”Store Bro” – bygdemobiliseringsprosjekt på Meisingset – biobrenselanlegg på oppvekstsenteret kan bli eit delprosjekt
- Økologisk kunnskaps- og opplevingssenter på NORSØK/Bioforsk – pilot innan energi- og kretsløpstankegang (gardsdrift, hagebruk, driftsbygning, forskningsstasjon og besøkssenter)
- Innsamling og gjenvinning av tekstilavfall til miljøisolasjon
- Utarbeide klimaplan – utfasing av oljekjelar – transport m.m
Fant du det du lette etter?