Nøkkelen er god grovfôrkvalitet!

-Arbeidet går ut på å få mest mogleg mjølk per dekar. Nøkkelen er god grovfôrkvalitet, seier Knut Haga. Saman med Eva Kaldahl driv han økologisk mjølkeproduksjon i Overhalla. 

Dei som høyrde på var 25 gardbrukarar og rådgjevarar frå heile Møre og Romsdal. Desse deltok på studietur til Nord-Trøndelag helga 16. til 18. oktober. I alt fem gardsbruk fekk besøk av møringane, og gardbrukarane fortalde engasjerte om motivasjonen sin for å leggje om til økologisk, om driftsopplegg og resultat.

På Grandaune hos Eva og Knut er det gode grasavlingar og høg avdrått. Dei fylgjer nøye med på kvart einskild skifte og lagar eigne tilpassa såfrøblandingar. Knut vektlegg at ein må slå graset ofte for å få best kvalitet. Han meiner at det generelt er for mykje sortar tilpassa fjellbygdene i dei ferdige økologiske engfrøblandingane, men at desse veks for seint. Ved å bruke meir sørlege sortar, veks graset raskare og det blir meir fôr, var erfaringa han hadde. Artar som raigras og hundegras gir høg og god avling ved tidleg slått, og passar godt i dette opplegget saman med timotei og kløver.

Felles for alle dei fem bruka var at dei verkeleg satsa på at gardsdrifta skulle gje brukbar inntekt framover. Fleire hadde fornya driftsbygningane, kjøpt opp mjølkekvote, grøfta, dyrka og tilpassa driftsapparatet til moderne krav. Høge investeringar gjer det sjølvsagt ekstra viktig at den økologiske drifta er vellukka. Iver Martin Berre driv som andre generasjon med økologisk drift på Namdalseid. Den unge gardbrukaren hadde med stor eigen innsats bygt på fjøset og kunne vise fram eit moderne lausdriftfjøs med treinnreiing og mjølkerobot. Han såg optimistisk på framtida og meinte å ha kontroll på økonomien.

På Namdalseid er det elles mange i same område som driv økologisk. Det å vere i eit fagmiljø der ein kan kome saman og diskutere utfordringar, blei trekt fram som viktig. Det var tydeleg at den økologiske driftsforma hadde hatt ein smitteeffekt, slik at fleire enn berre dei spesielt interesserte hadde lagt om.

-Eg er overraska over at dei er så opne på at omlegginga er økonomisk motivert, oppsummerte bussjåfør på turen og gardbrukar frå Tingvoll, Kåre Olav Kindsbekken. -Ein kan elles få inntrykk av at ein må vere ekstremt ideologisk og dessutan uvanleg dyktig agronom for å drive økologisk. Her ser ein at det og er meir vanlege gardbrukarar som rett og slett meiner at den økologiske drifta kan gje noko betre økonomi. Det var interessant for meg.

Gardbrukarane frå Møre og Romsdal blei litt misunnelege på den gode rekrutteringa det er i landbruket i Nord-Trøndelag. Bondeyrket står kanskje høgare i kurs enn det ein ofte opplever her, mellom anna blei det fortald at det ikkje er vanskeleg å finne ungdom som tek på seg avløysarjobb.

Arrangørar for turen var prosjekt "Økoløft i Gjemnes, Tingvoll og Vestnes", TINE og Landbruk Nordvest. Ein håper at turen gav inspirasjon og vil styrke miljøet for økologisk gardsdrift i Møre og Romsdal.

Liv Solemdal, Bioforsk Økologisk

(prosjektleiar i "Økoløft i Gjemnes, Tingvoll og Vestnes")

 

Fant du det du lette etter?