No blir det biogassanlegg på Tingvoll gard

Biogassanlegg | Fotograf: Kristin Sørheim
Biogassanlegg fotograf Kristin Sørheim

Styret i Norsøk har i dag vedteke å bygge biogassanlegg. Anlegget blir eit pilotanlegg på den måten at det er eit lite anlegg tilpassa vanlege gardsbruk.

På anlegget skal vi også prøve ut ulike typar og blandigsforhold av råstoff. Husdyrgjødsla blir basisen, men vi vil prøve ut avfall frå fiskeoljeindustrien m.a. Av utprøvingar og forsøk som vil bli gjort, er test av energiutbytte, test av kvaliteten på bioresten(gjødsla), analyser av tungmetall, organiske miljøgifter osv.

Anlegget vil produsere over 400 000 kWh i året når det kjem i full drift. Det kan produserast både straum og varme. Produksjon av biogass aukar forsyninga av fornybar energi, og det er eit godt bidrag for å redusere klimagassar.

Anlegget på Tingvoll blir det første i landet av sitt slag, da det vert søkt patent på reaktoren (råtnetanken).

 

Fant du det du lette etter?