Naturreservater i Tingvoll

Eikrem fra fjorden | Fotograf: oab
Eikrem fotograf oab
Fire områder er vernet som naturreservater i Tingvoll, et våtmarksområde, en myr og to skogsområder.
Vår på Eikrem
Vår på Eikrem
Naturreservat er den strengeste verneformen etter naturvernloven.

Langvatnet naturrervat
Mindre vassdrag med tre vatn omgitt av myrlendt skogsmark og kulturmark. Hekkeplass for grasender og vadefugl. Nyttast og som beiteplass for svaner. Forutan dei ornitologiske interessane har myrområda og vegetasjonssonane i vestenden av Langvatnet botanisk verneverdi.

Einsetmyra naturrervat
Myra representerer ein typisk og velutvikla låglandsmyr av den ombrotrofe typen og er verna som myrreservat. Eksentrisk høgmyr utan tresetting, men med tydeleg lagg og kantskog. Svake tversgåande struturar. Ombrotrof vegetasjon (får næring berre frå nedbøren) på tuer, fast- og mjukmatter dominerer.

Gylhamran naturrervat
Sørvestvendt lauvskogli mot Tingvollfjorden, nord for Gyl. Edellauvskogen er av alm-hasseltypen med innslag av hegg, bjørk, osp, gråor og svartor, samt noko ask og lønn. Noko innplanta gran. Området har eit av fylkets største utval av varmekjære artar. Klassisk botanisk lokalitet som har vore mykje nytta i undervisning på høgskulenivå.

Boksaspa naturrervat
Lite parti med eikeskog i jordbrukslandskap på sørsida av Aspøya. Dette er verdas nordlegaste eikeskog av nokon storleik og et er god forynging av eik i området.
Fant du det du lette etter?