Kabaret på Åkerfallet

Stemorsblomst | Fotograf: Odd-Arild Bugge
Stemorsblomst fotograf Odd-Arild Bugge

Søndag 1. august kl 17 blir det kabaret på Åkerfallet, med Mette Bjørbekk og Ole Jonas Storli

Kabareten "alt er så nær meg", tekst Mette Bjørbekk og musikk Lars Ramsøy-Halle, blir framført på låven på Åkerfallet søndag 1. august kl 17. Forestillinga har vore vist i Sunndal og fått svært god kritikk. "Nydelig og nært, en flott intimkonsert" skreiv Driva. "Ei rørande historie, Ole Jonas Storli tonesette det fabelaktig" skreiv Aura Avis. Historia om den vakre, men litt skakkkjørte Frida blir fortalt gjennom nye viser og forteljingar. Billettprisen er kr 150, barn går gratis.

Som vanleg på sommarsøndagar er Magnhild-utstillinga open, og det blir kaffe, kaker, vaflar mm. å få kjøpt. Vi opnar også ein ny, liten bruktbutikk i sommarfjøset, og her kan folk gjere gode kjøp!

Fant du det du lette etter?