Høringsuttalelse frå Tingvoll til Kristiansunds kommuneplan 2018 - 2030

rådhuset.jpg - Klikk for stort bilde

 Vedtak: Formannskapet i Tingvoll vil gje følgjande høyringsuttale til Kristiansund kommune sin kommuneplan- samfunnsdel 2018-2030: Kristiansund kommune har laga ein kommuneplan fram mot 2030 som presenterer sentrale utviklingstrekk i byen og i kommunen sine tenester med skildringa «Kristiansund mot 2030 – varm, klok, smart og modig». 

 I innleiinga av planen tek kommunen også opp FN sine bærekraftsmål og operasjonaliserer dette for byen. Dette synest Tingvoll er ei viktig understrekning av vårt globale ansvar lokalt. Skal dei store utfordringane internasjonalt løysast må vi alle ta eit medansvar, og våre avgjerder og daglege handlingar må trekkja i planlagt retning i rett tid. Tingvoll kommune meiner det er ein offensiv og interessant kommuneplan som er laga for Kristiansund. Dei 4 kapitla drøftar samfunnsutfordringar og viser korleis både kommunen sjølv og lokalsamfunnet skal jobbe med ønskt utviklingsretning og saker som er viktige for Kristiansund. Når Kristiansund lukkast med denne planen vil vi sjå ein meir attraktiv, framtidsretta og nyskapande by, med gode levekår og utviklingsrom for alle – både innbyggjarar og næringsliv.

 Økokommunen Tingvoll verdset særleg planens fokus på FNs bærekraftsmål, bioøkonomi- og verdikjeder, klimaansvar og sosial utjamning. Dette mogeleggjer eit grønt skifte på Nordmøre og vi ønskjer gjerne Kristiansund sitt engasjement konkretisert i tema som sirkulærøkonomi, energibruk i offentlege bygg, bruk av økologisk og kortreist mat i kommunale tenester, initiativ i Nordmøre interkommunale innkjøpssamarbeid som fremjer etterspurnad etter miljøsertifiserte varer og tenester, og framtidas samferdselsløysingar med gode kollektivtilbod mellom by og omland.

Bodskapen i vår tilbakemelding er at kommuneplanen for Nordmørsbyen Kristiansund bør synleggjera Nordmøre og samspelet mellom by og omland på ein langt tydlegare måte. Sjølv om dette er ein strategisk plan, så ønskjer vi meir konkretisering som vil gje planen større styringskraft.

Næringsutvikling og FoU – den smarte byen «Næringslivet i regionen er omstillingsdyktig og tilbakeslaget i oljevirksomheten de siste årene har stimulert til innovasjon og nyetableringer (s. 27)» For å sikra framtidig vekst er integrasjon i større bu- og arbeidsmarknadsregionar sentralt, og utgreiingar dei siste åra ha peika på regionforstørring som strategi. Fylkesstatistikk for Møre og Romsdal dokumenterer at Kristiansund er den av mørebyane som er minst integert med sitt omland. Kommuneplanen bør drøfte det. Ei drøfting av bu- og arbeidsmarknadsregionen kan visa dynamikk og samhandling som finns, pendlingsmønster i arbeid og fritid, mangfald i næringar og type arbeidsplassar, fortrinn i regionen, og slik samla robusthet og attraktivitet. Eksempelvis turisme, industri, fiskeri, havbruk og entreprenørskap på Averøy, Aure og Smøla, grønne næringar og sterke lokaleigde nisjebedrifter i Gjemnes ogTingvoll, industri og hjørnesteinsbedrifter i Sunndal, Surnadal og Aure, og kulturnæringar og festivaler på både indre- og ytre Nordmøre osv.

 Tingvoll kommune synest det er svært positivt at Kristiansund kommune løftar fram Campus Kristiansund og Helseinnovasjonssenteret som viktige og framtidsretta element i den smarte og modige byen. Dette er innsatsområde som nabokommunar har støtta i fleire år – gjennom grunnfinansiering til Høgskolesenteret i Kristiansund, og med initiativ og utgreiingskapasitet for Helseinnovasjonssenteret. Dette er saker som vil styrka heile regionen si fornying og vår innovasjonskapasitet. Det er viktig at når Kristiansund peikar på behovet for å styrka forskings og kunnskapsmiljøa så må ein også synleggjera dei FoU miljø som er sterke og som finns på Nordmøre:

Eksempelvis NORSØK og NIBIO på Tingvoll, NOFIMA og HYCAST på Sunndal, og forskingsmiljø innan helsevesenet. Vi har også energiregionen Nordmøre med Hydro Sunndal, Tjeldbergodden i Aure, regionalt senter for vindkraft på Smøla og regionalt senter for sol- og bioenergi på Tingvoll. Den blå/grønne sektoren står sterkt på Nordmøre og vil gje vekst.

Tidleg i planperioden vil ein på Hjelset få ei av dei aller største investeringane i offentleg sektor i Nordmøre/ Romsdal dette tiåret. 4,5 milliarder kroner skal investerast i nytt sjukehus. Ein kommuneplan for Kristiansund bør synleggjera korleis ein posisjonerer seg både innan næringsutvikling, sysselsetting og busetting for å bruke denne muligheten.

Samferdsel: «Vi skal forsterke det regionale samarbeidet for å nå fram i nasjonal transportplan «(s 25) Kommuneplanen peikar på kor viktig Kvernberget Lufthavn er, og ny innfartsveg til Kristiansund. Det støttar vi. Vi forventar også at Kristiansund i sin plan mot 2030 løftar fram og tydlegare omtalar ferjefri E 39 Halsafjordkryssing og Todalsfjordprosjektet (s.25) Desse er også Orkide sine prioriterte samferdselsprosjekt for Nordmøre framover. Regionen må synleggjera og systematisk arbeide for desse store regionforstørrande sambanda saman. Nokre samferdselsprosjekt er nevnt s.33, men dette bør løftast fram i planens analysedel.

Regionalt samarbeid – den kloke byen. «Vi skal videreutvikle og forsterke Kristiansunds rolle som regionsenter. Dialog og samarbeid med nabokommuner og aktiv deltakelse i regionale samarbeidsorganer skal være vårt viktigste verktøy (…) Gjennom utvikling av innovativt og fremtidsrettet tjenestetilbud skal vi bli den foretrukne samarbeidspartner for våre naboer» (s. 21) «Vi har styrket byen som regional motor gjennom handlekraftige og forpliktende partnerskap» (s. 20) . Kommunane på Nordmøre har ca 30-40 interkommunale samarbeid etter Kommunelovens §§ 27 og 28 og prosjektsamarbeid (ref. NIVI analyse) og Kristiansund er ein del av dei fleste av desse.

Vi synest det er positivt at Kristiansund kommune i sin kommuneplan peikar på at «Dialog og samarbeid med nabokommuner og aktiv deltakelse i regionale samarbeidsorganer skal være vårt viktigste verktøy». Vi ønskjer at dei interkommunale samarbeida blir omtalt tydlegare i planen, og om det er dette som vert meint med omgrepet «forpliktende partnerskap» i planen?

 Vi opplever i 2016 og 2017 at Kristiansund kommune set dei interkommunale samarbeida under debatt, og har fått opplyst at det er vedtak i bystyret om reforhandling av desse. Det gjer at det blir reist (unødvendig) tvil om sjølv svært velfungerende samarbeid som har løfta Nordmøre inn blant landets og fylkets fremste på sine område. Samtidig har vi nye og framtidsretta interkommunale samarbeid under etablering som helseinnovasjonssenteret - responssenter og brannsamarbeid.

Vi erkjenner at interkommunale samarbeid må vera til diskusjon slik som ordinær kommunal tjenesteyting. Men vi opplever at Kristiansund si uavklarte haldning dei siste par åra skapar stagnasjon i ein del av samarbeida og skapar uklarhet om Kristiansund som samarbeidspartner. Dette kan svekka regionen. Liv og lære bør henge saman – plan og praksis – og dette bør avklarast i kommuneplanens samfunnsdel. Vi ønskjer Kristiansund kommune lukke til i arbeidet med ambisjonen – den varme, kloke, smarte og modige byen, og minner om vårt felles mål gjennom Orkide Nordmøre regionråd: «Vi løfter Nordmøre – sammen.»

Publisert av Vidar Karlsen. Sist endret 24.08.2017 10:43
Fant du det du lette etter?