Folden Grønt og plan

Folden grønt og plan ble miljøfyrtårnsertifisert i 2006. Øystein Folden er dagleg leiar og miljøfyrtårnansvarleg. Bedrifta blei etablert i 2002 som eit Enkeltpersonforetak. Arbeidsområde er plantning og vedlikehald av hagar og parkanlegg.
Bedrifta har i mange år hatt ein ideologi og kunnskap som gjer at den i stor grad bygger på prinsippa som ligg til grunn for Miljøfyrtårn. Som miljøfyrtårnbedrift er meir dokumentasjon for verknaden av verksemda tilstades. Fokus på utvikling i miljøvennleg retning fører til betre løysingar. I 2007 blei det meir ljåslått enn tidlegare, og mindre bruk av krattryddar. Økonomisk blei det omtrent det same. Men det var mykje hyggelegare å høyre svosj av ljåen i staden for motoren. Løysinga fører til redusert drivstofforbruk i tillegg.

I tilbod og faktura får kundane vite at verksemda er sertifisert Miljøfyrtårn. Det fører til at miljø blir tema når det er tale om val av løysingar i oppdraga. Mange av kundane vil ved dette tenke fleire tankar om miljø enn dei elles ville.
Miljøfyrtårnsertifisering er dokumentasjon på ein kvalitet, noko som tel i konkurranse om oppdrag.
Fant du det du lette etter?