|
|
|
|
 Publisert 27.03.2009
Tingvoll kommune har sett ned ein komite for Kulturminneåret 2009. Dei har m.a. sett opp ei rekkje aktivitetar og arrangement. Programmet er førebels, det kan koma endringar og tilføyingar, og tid og oppmøtestad for fleire av arrangementa vil bli kunngjort etter kvart. Så følg med! Og: Godt Kulturminneår!
 Publisert 12.01.2010
Endeleg er turvegen Storrundt i Straumsnes på Kulturminneløypa.no - som den aller første fysiske og virtuelle kulturminneløypa i Tingvoll kommune!
 Publisert 22.12.2009
Kulturminneåret 2009 går mot slutten! Etter eit spennande år med mykje kulturminneaktivitet i heile kommunen er det på tide å seie takk for meg - og GOD JUL!
 Publisert 14.12.2009
Frå Torolv Løset har vi fått låne ein heil album med spennande bilder frå Tingvoll - hovudsakleg frå Tingvoll realskule 1943-1945 og heimkomsten av Falstad-fangane våren 1945. Dei siste vekene har vi presentert eit utval av desse bileta.
 Publisert 07.12.2009
Frå Torolv Løset har vi fått låne ein heil album med spennande bilder frå Tingvoll - hovudsakleg frå Tingvoll realskule 1943-1945 og heimkomsten av Falstad-fangane våren 1945. I vekene fram mot jul presenterer vi eit utval av desse bileta.
 Publisert 30.11.2009
Frå Torolv Løset har vi fått låne ein heil album med spennande bilder frå Tingvoll - hovudsakleg frå Tingvoll realskule 1943-1945 og heimkomsten av Falstad-fangane våren 1945. I vekene fram mot jul skal vi presentere eit utval av desse bileta.
 Publisert 23.11.2009
Frå Kjell Arild Grimstad i Oslo har vi fått tilsendt eit artig bilde frå Aspholmen på Aspøya. Piknik-gjengen er etterkomarar (og ei svigerdotter) av Anders og Marie Karoline Grimstad i Tuvika under Aspa.
 Publisert 18.11.2009
Mykje folk og god stemning på Tingvoll Brygge og Fjordhotell torsdag 12. november! Språkforskar Ola Stemshaug (Statens namnekonsulent for Midt-Noreg) fortalde om nordmørsmål, stadnamn og personnamn i Tingvoll. Og svara på spørsmål frå dei om lag 60 frammøtte.
 Publisert 10.11.2009
Ikkje gløym "Nordmørsmål og namn i Tingvoll"-kvelden med Ola Stemshaug (Statens namnekonsulent for Midt-Noreg) på Tingvoll Brygge og Fjordhotell torsdag 12. november kl. 19.00!
 Publisert 03.11.2009
Torsdag 12. november kjem Ola Stemshaug (Statens namnekonsulent for Midt-Noreg) for å kåsere om nordmørsmål, stadnamn og personnamn i Tingvoll. Stad og tid: Tingvoll Brygge og Fjordhotell kl. 19.00. Inngangspengar kr. 100. Arrangør er Tingvoll mållag. Arrangementet er ein del av Kulturminneåret 2009. Vel møtt til ein spennande språk- og namnekveld!
 Publisert 27.10.2009
Endeleg er stadnamnsamlinga til Tingvoll kommune på nett! Dette er ikkje mindre enn ei kulturhistorisk skattkiste - som no er open og tilgjengeleg for alle!
 Publisert 20.10.2009
Førstkomande laurdag (24. oktober) byr Nordmøre Spelmannslag på ei musikalsk reise i livet til folkemusikarane Magnhild og Erik Almhjell - med Unni Boksasp, Gro Kjelleberg Solli og Tor Erik Jenstad. Musikalsk leiar er Helge Husby.
Stad og tid: Sunndal Kulturhus kl. 16.00 og Meisingset Grendahus kl. 20.00 (matsalg frå kl. 19.30). Etter konserten på Meisingset spelar Nordmøre Spelmannslag opp til dans! "Kom hit mine venner" er ein del av Kulturminneåret 2009. Vel møtt!
 Publisert 13.10.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i gamle dagar.
 Publisert 06.10.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 29.09.2009
Fruktdyrking er òg eit "dagleglivets kulturminne"! Førstkomande søndag (4. oktober) haustar vi av frukthistoria på Nordmøre. Da er det nemleg "Epledag" på Tingvoll gard! Oppmøte i Stjernehagen kl. 13.00. Vel møtt!
 Publisert 28.09.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i gamle dagar.
 Publisert 22.09.2009
Med artikkelen "Dampen" - Connecting people er Tingvoll endeleg på "Digitalt fortalt"!
 Publisert 22.09.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 15.09.2009
Frå Jon Magne Eikrem i Straumsnes har vi fått tilsendt eit bilde av "ukjente menn i uniform". Kven er dette?
 Publisert 07.09.2009
Søndag 13. september er Kulturminnedagen 2009 - med "Vatn og dagleglivets kulturminner" som tema. I Tingvoll markerer vi dagen med historisk vandring på Skar kraftanlegg - frå demninga og ned til den monumentale kraftstasjonen. Vandringa startar kl. 13.00. NB! Oppmøte og parkering ved kraftstasjonen på Skar.
 Publisert 01.09.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 25.08.2009
Søndag 30. august er det historisk vandring på Øygardsneset i samband med Tingvolldagan - og Kulturminneåret 2009. Vandringa startar kl. 13.00. Oppmøte ved bommen ovafor Tingvoll Gard. Undervegs blir det orientering ved John Brevik. Vel møtt!
 Publisert 18.08.2009
Søndag 23. august er det klart for den årlege museumsdagen på Straumsnes bygdemuseum (kl. 12.00-16.00). Det blir lammelår og laks frå kokegrop - mellom mykje anna. Vel møtt til ein triveleg museumsdag på Kanestraum!
 Publisert 11.08.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i gamle dagar.
 Publisert 10.08.2009
Kulturminneårets vandrestafett satte lys på Gyl-historien søndag. Nesten 100 gylinger og andre vandret fra Ramslia, under lerkealleen, via Sandvika til gravfunna i Hesthagan.
 Publisert 04.08.2009
Førstkomande søndag, den 9. august, er det historisk vandring på Gyl - frå lerkealléen i Sandvika til bronsealdergravene på Gyl. Vandringa startar kl. 13.00. Oppmøte og parkering ved Ramsliskiftet. Det blir orientering ved Helge Husby og Aud Beverfjord. Arrangør er Gyl IL. Vandringa er ein del av Kulturminneåret 2009. Ta med niste - og godt skoty! Vel møtt!
 Publisert 28.07.2009
Frå Solveig Wiborg i Ålesund har vi fått ein e-post (og eit album-ark) med gamle bilder frå Tingvoll. Solveig Wiborg er dotter til Sverre Botten frå Valsøyfjord, som var handelsbetjent hos O. Drøpping under krigen. Først ute er eit spesielt bilde frå maidagane i 1945.
 Publisert 21.07.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 14.07.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i gamle dagar.
 Publisert 07.07.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 30.06.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 held Tingvoll kommune fram presentasjonen av godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i eldre tider.
 Publisert 23.06.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 23.06.2009
Rundt 60 personer brukte finværs-søndagen til en kulturvandring på Meisingset. Ola Stomsvik åpnet arrangementet med å fortelle fakta og anekdoter fra den mangfoldige og ærerike historia til Tingvolleikane.
 Publisert 15.06.2009
Førstkomande søndag, den 21. juni, er det historisk vandring i Meisingsetvågen. Vandringa startar kl. 13.00. Arrangør er Bygdelaget Samhold/Store Bro. Meisingset Bygdekvinnelag står for maten. Oppmøte og parkering ved idrettsplassen på Meisingset. Kom og hør den spennande historia om Tingvolleikane, sagbruka og butikkane i Meisingsetvågen! Vandringa er ein del av Kulturminneåret 2009. Vel møtt!
 Publisert 10.06.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen.
 Publisert 02.06.2009
Førstkomande søndag er det vandring frå Skar til Åkerfallet i samband med Åkerfallkonserten (sjå eiga sak). Åkerfallet er den gamle heimen til folkemusikkparet Magnhild og Erik Almhjell, og vandringa er ein del av Kulturminneåret 2009.
 Publisert 26.05.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 20.05.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 held Tingvoll kommune fram presentasjonen av godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i gamle dagar.
 Publisert 12.05.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, handfaste og meir flytande. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 11.05.2009
Etter ei særs vellykka avslutting av Kulturvekkå og opning av Kulturminneåret på Kanestraum/Leite søndag 10. mai (med historisk vandring, konsert og mykje god mat) er vi glade for å kunne presentere programmet for Kulturminneåret 2009 i Tingvoll kommune.
 Publisert 06.05.2009
Opninga av Kulturminneåret 2009 i Tingvoll kommune vil foregå på Straumsnes Bygdemuseum søndag 10. mai 2009 frå kl. 12.00, med kulturhistorisk vandring på Kanestraum og konsert med Unni Boksasp.
 Publisert 29.04.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Dokumentasjon og formidling står sentralt.
 Publisert 21.04.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 presenterer Tingvoll kommune godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i eldre tider.
 Publisert 07.04.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
 Publisert 03.04.2009
Som ein del av satsinga på Kulturminneåret 2009 held Tingvoll kommune fram presentasjonen av godbitar frå sitt rikhaldige fotoarkiv - som kulturminner frå dagleglivet i kommunen i eldre tider.
 Publisert 25.03.2009
Tema for Kulturminneåret 2009 er "Dagleglivets kulturminner": Gamle og nye, store og små, materielle og immaterielle. Sentralt står dokumentasjon og formidling.
|
|
|
Hurtigvelger
|
Liste med direktelenker til de mest brukte sidene
|
|
|
|
Klikk på lenka for å sende
|
|
|
Hva skjer?
| | ma | ti | on | to | fr | lø | sø |
|---|
| 30 | 31 | 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | | 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | | 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | | 27 | 28 | 29 | 30 | 1 | 2 | 3 | | 4 | 5 | 6 | 7 | 8 | 9 | 10 |
|